Som lokalpolitikar i Stryn så kjenner eg at det er på tide å uttale seg litt om mine tankar kring barnehagesituasjonen i Vikane.

Det har vert mykje skriverier i både aviser og på SoMe siste tida. Det kan verke som om bygdene Innvik og Utvik igjen har begynt å få ein oppheta diskusjon kring barnehagen og kvar den skal ligge.

Eg håpar at eg med dette kan bidra til å roe diskusjonen framfor å kaste bensin på bålet. For eg trur det beste for ungane i Vikane er at bygdene kan samarbeide og fokusere på å gjere barnehagen dei har til den beste ungane kan drøyme om også i framtida.

Som kjent vart det gjort eit vedtak i 2017 om å flytte barnehagen til Innvik, men mykje har skjedd sidan den tid og som politikar så må eg seie at eg ikkje har vert med og diskutert lokasjon sidan desember 2020.

Grunnen til at lokasjon ikkje har vert diskutert sidan då er såre enkel, i desember 2020 stemde vi nemleg over dette framlegget:

«Vikane barnehage Vedtak KS 011/17 vert oppretthalde. Tiltaket blir å innarbeide i den komande Økonomiplanperioden med størrelse og kostnad som utgreia frå administrasjonen etter vedtak i sak KS 163/19. Det vart røysta over framlegget frå representanten Haldor Hove (Ap). Framlegget fekk 12 røyster og fall».

Antonymet til å opprettholde er som kjent å opphøre, og derfor er denne saka ferdig diskutert frå politisk side.

Eg kan gjerne ta ein strukturdebatt, men den må kome pga faglege innspel frå administrasjonen og ikkje frå dei som ønsker seg ein ny og flott barnehage som ligg litt nærare heimen.

Vi som politikarar må tenke på alle barn, ungdom, vaksne og eldre i kommunen. Vi kan ikkje late dei som er mest ressurssterke og dei som kjempar hardast overkøyre alle dei som ikkje ropar opp og som ikkje brukar stemma si for å få ein meir lettvint kvardag.

Det er heller ikkje slik at vi politikarar ikkje unner alle i kommunen nye, flotte moderne bygg, men dessverre må vi tenke langsiktig og ta dei prioriteringane med kommunekassa som kjem dei som treng det mest til gode og vi må også følgje dei politiske vedtak som er gjort.

Og det er det vi har gjort i denne saka.

Silje Åsnes Skarstein,

gruppeleiar Stryn Sp