Politisk fråsegn vedteke på Venstrekvinnelaget sitt landsmøte 4.februar 2024: Arbeidslinja står sterkt i Noreg, både i fagrørsla og blant mange politikarar.

Det er stor semje om at velferdsordningar skal sikra den som vert sjuk eller fell utanfor arbeidslivet, men at det skal lønne seg å arbeide viss du kan.

Dette er gode og viktige prinsipp. Mange opplever dessverre ikkje alltid at det er slik. Fleire står fram i media og på nettet og fortel om møte med bl.a. NAV som vonde og vanskelege.

Arbeidsavklaringspengar (AAP)

Dersom ein har vore sjukmeld i eit år og framleis er sjuk, så vil ein kunna motta arbeidsavklaringspengar. Hovudregelen er at ein skal vera «avklart» i løpet av tre år. Retten til sjukepengar fell bort, sjølv om sjukemeldinga har vært gradert, og ein har kunna stå i jobb.

Regjeringa Solberg innførte eit karensår dersom ein ikkje var avklart til jobb eller uføretrygd etter tre år. Etter karens-året kunne ein på ny søkje og få innvilga AAP.

Mange opplevde krevjande tider utan inntekt i dette karensåret. Sosialhjelp vart redninga for nokon. Mange måtte óg selje unna verdiar for å kunna klare seg på det minimum av økonomi dei hadde til rådvelde.

Støreregjeringa har tatt vekk karensår, men har behalde treårsregelen. Dersom ein tener pengar, vert desse trekt krone for krone i AAP.

Avklaring

Ein person under avklaring skal prøve ut ulike behandlingsformer og arbeidspraksis. Ein del sjukdomar er óg vanskeleg å diagnostisera, særleg gjeld dette ein del kvinnesjukdomar. For mange kan dette bety at dei etter tre år framleis ikkje er avklart. Dei opplever at det er ventetid på behandling, og kø for tilbod om praksisplassar. Meldekort må leverast kvar 14. dag. Mange kan vere svært lenge i tiltak, då Nav forlengjer AAP sjølv om du er avklart, spesielt om du er i eit frivillig verv. Då vert du ikkje trudd sjølv om du er avklara av eit uavhengig organ gjennom A2G.

Dette vert opplevd som å vere i ei kvern som maler sakte, som slit ein ut, aukar bekymring for framtida og medfører at ein vert sjukare. Det kan óg bety mange vonde møte med NAV, der sakshandsamar ofte har lite å tilby. Dersom ein søkjer om uføretrygd, vert søknaden avgjort av NAV forvaltning. Tilsette i dette organet møter ikkje søkjaren. Det er ei rein skrivebordsavgjerd. Avgjerda byggjer mykje på korleis saka er utgreia. NAV sin sakshandsamar har ei viktig rolle her. Det same gjeld retten til trygd.

I ein uføresøknad kan det óg bli lagt vekt på om du klarar å vere litt aktiv i til dømes frivillig arbeid. Om du er registrert i slikt arbeid, vert søknaden avslått og du får ikkje AAP lenger og vert såleis sosialklient, og må søkje sosialstønad i påvente av en ny AAP runde, som kan ha opptil 16 vekers behandlingstid.

Systemet sin verknad på helsa

Mange som har vore i dette systemet over tid fortel om utmatting, stress og utryggleik for kva neste vedtek inneheld. Sjølvmordstankar er heller ikkje uvanleg. Forsking viser at det å vere i ein vanskeleg økonomisk situasjon over tid aukar sjølvmordsfaren.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at det tar på å ha det slik, og at ein faktisk kan verte sjukare enn før, både fysisk og psykisk.

Restarbeidsevne

Mange som vert innvilga uføretrygd er helse- og sosialarbeidarar; ein fagkompetanse det er skrikande trong for. Kommunar og helseføretak gjer seg stor bruk av dyre vikarbyrå for å dekkje «tomme» vakter.

Mange helse- og sosialarbeidarar med uføretrygd kunne gjort seg nytte av restarbeidsevna om det vert lagt til rette for det. Men det har dei lite igjen for. Ved bortfall av barnetillegg kan reduksjonen i trygd verte større enn det inntekta utgjer. Ingen vil jobbe gratis, sjølv ikkje den som er ufør.

Norges Venstrekvinnelag vil

• Setje ned ei arbeidsgruppe i Venstre som vil sjå nærmare på AAP-/uføresystemet. Det må jobbast aktivt for å ta vare på det einskilde menneske, gjera vegen attende til arbeid enklare, og gjera møtet med det offentlege betre når ein av ulike grunnar ikke kan arbeide.

• Endre regelverket, slik at ein kan stå i sjukmelding ut over eit år om ein har vore gradvis sjukmeld. Slik aukar vi incentiva til å jobbe, samleis som det blir mindre stressende å verre sjuk.

• Auke fribeløpet til 1G. Fleire vil då nytte si restarbeidsevne i ei tid der det er mangel på arbeidskraft.

• Auke fribeløpet i barnetillegg. Dette vil bidra til å minske barnefattigdom.

• At Venstre må kreve i regjeringsforhandlinger at karensår ikkje gjeninnførast.

• Ha raskare avklaring, gjeninnføre midlertidig uføretrygd. Ein slepp stress med meldekort, og får ein føreseieleg økonomi.

• Tillate frivillige verv som gir inntekt inntil eit visst tak.

• At NAV lokalt må kunne avgjere f.eks. arbeidsavklaringspengar.

• Ha tettare oppfølging slik at ein kjenner seg trygg på at ein er i eit system som er til for seg.

• Auke kompetansen i NAV, og innføre tiltak som sikrar god handsaming av alle saker, uavhengig av kven som er sakshandsamar.

• At ein må kvalitetssikre kva kompetanse ein krev av tilsette i NAV.

• Legge press på Riksrevisjonen og be dei sjå nærare på AAP-ordninga, ha større eigenkontroll på feltet og opplyse Stortinget om funn og anbefalte tiltak.

Janne Elin Alsaker

leiar i Vestland Venstrekvinnelag