Valkampen er godt i gang lokalt, det ser ein både i sosiale medium og i avisa. Alle parti og politikarar vil berre godt for innbyggarane i kommunen og det er godt og trygt å tenke på.

Dei lovpålagde tenestene i Stryn er gode, no ligg vi på 17. plass på Kommunebarometeret. Dei aller fleste får den hjelpa dei har rett på, det er kommunepolitikarane si oppgåve å sørge for. Der er sjølvsagt utfordringar, fleire av dei skal løysast i neste periode.

Så er det slik at kommunen vår er så mykje meir enn lovpålagde oppgåver og kommunale tenester. Det er folk i alle aldrar som har vald å leve sitt liv her. Ein stor del av aktivitetar og møteplassar i dette livet vert gjennomført av frivilligheita. I alle bygdene våre er frivilligheita sterk og sørger for gode liv for innbyggarane.

Samstundes lever vi i ei uroleg tid. Pandemien og krig i vårt nærområde har ført til auka utgifter for oss alle. For at alle skal kunne delta i aktivitetar er frivilligheita viktig. I tillegg er ei varsla krise i gang: «Eldrebølgja».

Manglande hender i helse og omsorgssektoren råkar mange eldre innbyggarar i kommunar rundt om i landet vårt. For fleire, både i bygd og by, misser medisin, stell og omsorg. Pårørande fortvilar.

Tidlegare i år såg vi dokumentarar på fjernsynet som syner manglande oppfølging av eldre som bur heime og på institusjon. Fleire og fleire tar til orde for å løyse denne krisa med frivillig arbeid. Eg er uroleg for den strategien, og er redd det kjem til å undergrave frivilligheita og utarme lag og organisasjonar, dersom dette blir eit krav som stillast frå det offentlege.

Frivilligheita er kjent for å stille opp i kriser. Når noko akutt skjer er frivillig sektor på plass og driv fram løysingar saman med kommunen. Det vere seg ras, flaum, pandemi, eller andre ulukker. Mange kommunar er heilt avhengig av denne hjelpa. Fleire organisasjonar som Røde Kors, Sanitetslag og Frivilligsentralar har utstyrt seg og lagt planar for akutte kriser. Dette gjer dei i tillegg til at dei kvar veke har aktivitetar og møteplassar som gjev livsglede og auka folkehelse for dei som deltar.

Det er kjent at den som er med som frivillig, eller med på aktivitetar i lag med andre, har høgare livskvalitet enn dei som ikkje deltar. Frivilligheita fremmer folkehelsa! Frivilligheita må vere fri og uavhengig. Den enkelte frivillige skal bestemme sjølv kva aktivitetsnivå ein skal vere med på. Den frivillige skal aldri påleggast oppgåver, men velgje sjølv.

Frivilligheit er ikkje gratisarbeid og må aldri undergrave lønna arbeid og kompetente tilsette i omsorgssektoren.Stryn Senterparti ser frivilligheita sin eigenverdi og vil støtte den no, og i framtida.

Marit Sandnes Skrede

listekandidat Stryn Senterparti