Vi hadde ettersyn på det elektriske opplegget på huset nyleg - eit hus opprinneleg frå 1929.

Plutseleg ringde han på døra, ein kjekk kar frå Nordfjordeid. Eg var så sikker på at han skulle kome på torsdag, ikkje på tirsdag, så eg hadde ikkje fått rydda! Han skulle inn i alle rom i alle etasjar!

Men som han sa ein av sønene våre: «Det er ikkje det at det er rotete, men du har så mykje ting!» Det er sant!

Eg har eit personleg forhold til mest alle ting vi har, kven vi har fått det med, kven som har laga tinga, når, og kvar det er kjøpt. Og så likar eg så godt å gå på «Brukten!»

Då denne el-inspektøren gjekk hadde han sagt til son vår: «Hels mor di og sei at ho kan slappe av. Eg har sett det verre!» Godt han ikje sa: «Eg har sett det verre ein gong før!»

No går det mot påske, og i år vil eg ta fram påskepynten litt tidleg: Eg tok med nokre greiner med «gåsungar» frå heimegarden min i Oldedalen i går, og trur de ikkje at eg kjøpte ein søt liten påskekylling på «Brukten» på laurdag (han kosta berre fem kroner)!

Eg hekla meg ei lita vårhue/ hodepynt i går kveld av heimeavla, heimespunne og tvinna kaninullgarn som bror min er produsent for. Det var så spennande at eg måtte byrje med ein gong, sjølv om det var søndag, medan eg såg på skiskyting frå Canada og «gutane våre». Gutane gjorde det fantastisk- og hua vart fin!

Har forresten halde på og montert eit lappeteppe eg strikka i fjor vinter, 78 små lappar av restegarn (eg måtte forresten kjøpe litt nytt garn for at det skulle sjå nokolunde ut, så no har eg endå meir restegarn)!

Eg fekk eit slikt lappeteppe av bestemor mi då eg skulle flytte på hybel på Sandane i 1962. Eg har kome til at ho måtte vere over 80 år då ho strikka og monterte dette teppet (som vart sendt til Sandnes for å bli «rua»). Eg forstår ikkje korleis Besta som var fødd i 1880 og som nesten ikkje såg siste åra ho levde, har klart å få til dette teppet. Ho karda, spann, tvinna, farga garnet sjølv (eg trur mor må ha hjelpt til!) Det er nydeleg i jordfargar, farga med raude og gule løkblad, veit ikkje om den grå/svarte fargen er farga med oske eller «kjøpefarge», nydeleg er det i alle fall, tungt og varmt, strikka med dobbel tråd (eg tykkjer nok at det er finare no enn kva eg tykte som 16-åring!) Eit flott arvestykke er det i allefall!

Som nemnt skjønar eg ikkje korleis ho fekk montert det så fint saman, 82 år og med dårleg syn. Ho hadde nok ikkje ein nysgjerrig liten hund rundt føtene som «tykte det var mykje til stas» å trakke på alle dei mjuke lappane då eg prøvde å legge dei ned på golvet for å få til eit slags mønster før eg skulle sy dei saman. Eg måtte legge arbeidet vekk etter fleire forsøk og ta det att når «Vovsen» var gått heim! Teppet blir nok både fint og varmt det når det ein gong vert ferdig!

Elles var eg på Basar-Bingo- Bonanza sist fredag. Det var Stryn Handball med basargeneral og primus motor Kristian Hansen som heldt basar. Det var så kjekt, sosialt med besteforeldre, foreldre, fadrar og søsken samla rundt borda (det heile starta med fredagstaco for dei som ville kjøpe) og kaffi og kaker. Det var åresal, bingo, lykkehjul, tombola, lynlotteri, forundringslotteri, handla for innkjøpte «monpolpengar» i tre, vipps og kontantar.

Handballspelararne stod på stands, var flinke åre- og bingoselgarar, og dei sprang med gevinstar! Alle såg ut til å kose seg stort, det var mange og flotte gevinstar: Fjernsyn, Ekornesbord, gåvekort, fruktkorg og kolonialkorg, tur med båten frå Måløy til Bergen bl.a- og cruise Oslo–København! Det vart ingen Bonanza på meg, eg vann ingenting, det viktigaste var no å støtte!

Men i dag folkens - har eg og «vunne» cruise - i Hjemmet. Oslo/København for to personar! Det blir ikkje reist enno, i alle fall ikkje før påske!

Til alle lesarar og alle andre: God Påske! Ikkje slit deg ut på å rydde i alle rom til påske. Om ikkje alt er «på stell» så kunne det vore verre! Nyt påska og vårdagane!

Anne Margrete Tonning

(som satsar på heimepåske, med godt lesestoff og mange kryssord

i Hjemmet!)