Som jaktinteressert volding kom eg tilfeldig til vakre Segestad gard i Stryn for 35 år sidan. Som handverkar har eg gjort mitt beste for å kvittere for jakta med påpass og vedlikehald i alle år. Gjennom oppslag i Fjordingen oppfattar eg at Segestad Vener tydeleg vil ha meg vekk. Eg meiner dei sjølv har mykje å svare for.

Det har frå mi side over tid bygd seg opp ein aukande misnøye med Segestad Vener. Dei har gitt meg mange vonbrot. Det toppa seg for eit par veker sidan, då eg her i avisa Fjordingen vart utpeika som i beste fall halvkriminell, og ein person som hadde flytta rundt på utstillingsgjenstandar og rota til for foreininga sitt arbeid i løda på Segestad.

Dei truga med politimelding av saka. Personar i venneforeininga har dessutan ved fleire høve oppført seg på ein måte som eg har følt aggressivt og fiendtleg mot meg personleg. Dette kjennest både utrygt, utidig og særs urettvist - og eg har sjølvsagt teke kontakt med politiet i Stryn for å gje til kjenne mi oppleving av saka. No kjenner eg også trong til å dele mi oppfatning av denne leie utviklinga med lesarane av Fjordingen, der desse klagemåla mot meg vart sett fram offentleg.

Min bakgrunn på Segestad

Eg kom altså nokså tilfeldig til denne særleg flotte og vanskeleg tilgjengelege garden, liggjande so fritt og fint over vatnet i Oppstryn. Finn Henriksen, ektemann til noverande eigar, inviterte meg med på hjortejakt ein fin haust. Dette var i eit for meg nytt, krevjande og mykje spennande terreng. Denne invitasjonen vart til eit årvisst hopehav mellom meg og Henriksen, han uttrykte heile tida at han svært gjerne ville ha meg med på jakteventyret sitt vidare. Og slik vart det. Heile 35 år har no gått, og Finn gjekk dessverre ut av tida for ein del år sidan. I forståing og etter avtale med enkja etter han og ho som eig garden, har eg halde fram mitt engasjement på Segestad.

Opp gjennom åra har eg kvittert for jakt og for fast losji i eit eige lite rom i våningshuset, med å gjere mitt beste med å ta vare på tun, veg, bygningar og anna førefallande som har dukka opp. Og sjølvsagt - med å dele av jaktutbytet med eigarane.

Veneforeininga

Foreininga Segestad Vener er offentleg registrert og har opp gjennom åra hatt høve til å søkje offentlege tilskot til alt sitt arbeid. Det har dei også gjort, mellom anna har dei fått ut fleire hundre tusen kroner til restaurering av den spesielle taubana opp fjellsida til tunet.

I utgangspunktet skulle etableringa av ei slik foreining vere utelukkande positivt, både for eigarane og for det verneverdige bruket Segestad. Og også for min eigen del, eg som har hatt slikt gjensidig utbytte av engasjementet mitt her opp gjennom åra. Det vart skrive langsiktig kontrakt mellom veneforeininga og eigaren. Grunntonen i kontrakten var at målet skulle vere restaurering og reparasjonar på heile garden, med mest muleg tilbakeføring til «slik det var før».

Og det er jo her at nokre personar i veneforeininga har skuffa meg stort. Eg kjem sjølv frå Lauvstad på vestsida av Voldsfjorden, og har bak meg eit yrkesliv i anleggsbransjen, med naturstein som basis og med muring av alt frå hamner til monumentale statlege vegmurar som spesialfelt. I tillegg har eg alltid hatt stor interesse for bygging i tre og restaurering av eldre bygningar. Med dette som personleg bakgrunn, meiner eg å ha eit visst grunnlag for mine vurderingar av både arbeidet og framferda til Segestad Vener.

Både gjort og ugjort frå venneforeininga har gjennom åra skuffa meg stort. Heilt grunnleggjande ting som tetting av tak er ikkje gjennomført. Dette er jo nummer ein i all berging av bygningsmasse. Berre over «mitt» vesle rom i våningshuset er taket tett, i alle andre rom er taket lekk. På dette rommet har eg mura og investert for å få det godkjent brannteknisk, i dialog med brannmynde i Stryn kommune.

Det som utløyste saka som stod i Fjordingen var at eg flytta tilbake nokre gjenstandar som i alle år har stått på eigaren sin fjerdedel av løda, som ein vedkløyvar og liknande. Vidare opna eg opp att jaktgluggen, som veneforeininga utan varsel hadde spikra att. Og då er eg altså klar for politiet, meiner venene.

Veneforeininga har og installert eit stort bio-do på låven, rett ved der vi har slakta og partert hjort i alle desse åra. Svært uheldig med tanke på bakteriar og hygiene, og nok eit steg i motarbeiding. Eg har påpeika at doet burde vere ute, fritt og luftig under den fjellhammaren ved tunet der det alltid har stått.

Vindauge i våningshuset er rett nok skifta ut med nye. Men desse er ikkje hengsla for opning, og kan dermed heller ikkje godkjennast brannteknisk, som rømingsvegar. Rømingsvegar er vel eit formidlingslokale særleg avhengig av å få godkjent. Naturstein i grunnmuren er feilaktig erstatta, og varig tilgrisa med betongrestar og sementslam. Etter mi oppfatning ikkje  ein verneverdig gard verdig. I sauefjøset, som skulle vere autentisk «som før», er det no rigga til som eit klasserom. Men etter mi oppfatning halvgjort og rotete. Taubanen som har hausta ut så mykje tilskot, lurer eg på om er gitt opp og skrinlagt som prosjekt - noko eg sjølv såg på som eit skikkeleg flaggprosjekt - for akkurat dette veglause bruket.

Eg kjenner at eg ikkje nødvendigvis er i posisjon til å påpeike alt dette eg ser på som negative observasjonar frå sidelina mi oppe på Segestad. Men - når veneforeininga sjølve går såpass knallhardt ut mot meg personleg i form av politimelding og intervju i avisa, ser eg meg tvinga til å kome opp med min versjon. Situasjonen er sterkt å beklage - eg såg i starten på Segestad Vener som kanskje redninga for garden. Og som ein instans eg kunne samarbeide godt og konstruktivt med - om nesten kva som helst på Segestad. Slik vart det dessverre ikkje - noko eg vil vere den første til å beklage. Jamnt over har eg trivest svært godt i lag med nordfjordingar...

Per Gunnar Tilseth