Redaktøren i Fjordingen har i sin leiar tysdag 10. januar brukt overskrifta «Cruiserekord med bismak». Det var med ein viss optimisme eg las vidare.

Kanskje redaktøren hadde skjønt noko av kva denne bismaken eigentleg dreier seg om. Eg vart fort skuffa. Han nemner f.eks ikkje at cruiseturismen er ein av verstingane når det gjeld utslepp både til luft og til fjord/hav. Dei som vil kan kome til Olden ein dag med skip av eldre årgong på besøk, ta seg ein tur til Huaren eller Skarsteinsetra og kjenne på bismaken av svoveldioksider.

Gråvatnet frå cruiseskipa inneheld og til dels store mengder mikroplast. Vil ikkje her gå i detaljar når det gjeld våre utslepp av drivhusgassar og den truande globale oppvarminga. Alle som følgjer litt med veit at verda står overfor ei menneskeskapt klimakrise og i tillegg ei krise når det gjeld rasering av natur som igjen går utover det biologiske mangfaldet og til sjuande og sist oss menneske.

Redaktøren har fokus på at det trengst ein gongveg mot sentrum. Eg kan opplyse om at turistane allereie har gongveg. Den planlagde ekstra gongvegen vil leie turistane tvers gjennom småbåthamna, til etter mi personlege meining, stor ulempe for oss som har båtplass og naust i området, men alt for turistane og dei som skor seg på desse. Lokalbefolkninga er det ikkje alltid så nøye med. Vidare ville denne utfyllinga skjedd på usikker grunn (kvikkleire). Her er det berre å spørje dei som jobba med utfyllinga av ny veg over Murikastet midt på 1970-talet eller dei som fylde ut moloen til småbåthamna rundt 1990. Den dårlege grunnen medførde fleire utfordringar. Det som er viktigare, også for innbyggjarane, er ei forlenging av gongvegen frå sentrum og oppover bygda mot Laukifossen.

Vidare vert det i leiarartikkelen sett fokus på statsforvalteren si rolle høve utfyllinga på Murikastet. Det er klart at statsforvaltaren har eit poeng. I bygdelaga i Stryn har det vore ei veldig omfattande utfylling av gruntvassområda/deltaområda i fjorden. Dette er viktige område for fleire fiskeslag bl.a. ørreten. Det meste av gruntvassområda og fjærene i Stryn er utfylde til fordel for vegar, næringsområder og private interesser som naustplassar og moloar. Kven tenkjer på kor viktige desse områda er for det biologiske mangfaldet? Norske kommunar er elles blitt veldig gode til å gje dispensasjonar t.d. når det gjeld strandlova. Stryn er ikkje noko unnatak her. Vi er glade for at vi har ein statsforvaltar som kan halde kommunane nokolunde i sjakk i deira iver etter å skape det dei yndar å kalle vekst og utvikling.

Vekst og utvikling til kva og for kven? Vi finn det vidare merkeleg at det er ein hovudtillitsvald i Tide som vert kritisert for å setje foten ned for busskøyring i Lodalen. Alle som har køyrt denne vegen med liten bil bør ha forståing for denne avgjerda. Det bør heller arbeidast for at vegen vert utbetra, rassikra og utstyrt med autovern på dei mest utsette stadane i staden for at det er ein tillitsvald som er oppteken av sjåførane og passasjerane sin tryggleik som skal stillast til ansvar.

Stryn kommune har elles gong på gong vist seg å ikkje vere særleg oppteken av natur og miljø. Eksempla her er dessverre altfor mange. Det er nærast uhemma vekst som står i sentrum. Kvifor er ein ikkje meir opptekne av dei unike naturverdiane vi har og som i sin tur gjer kommuna så attraktiv for turistar og som også er ein grunn til at mange vel å busetje seg her. Eit av dei verste forslaga, med god støtte av ordførar Per Kjøllesdal, er byggjing av enno ei cruisekai på Tyvaneset. Det er rett og slett sjokkerande og urovekkjande at ein i det heile teke har valt å bruke pengar på å utgreie lokalisering av kai i dette unike området.

Ja, sjølvsagt ynskjer vi cruiseturistar og andre turistar velkome til Olden og Stryn kommune, men ikkje for ein kvar pris. Vi er sjølvsagt einige med redaktøren i at turismen er ei svært viktig næring i Stryn kommune og at vi må vidareutvikle denne næringsvegen. Men utviklinga må skje på ein bærekraftig måte, utan for mange bismakar, dvs. med omtanke, fornuft og med nødvendig omsyn til natur, klima og våre eigne innbyggjarar. Ytterlegare utfylling i fjorden, som redaktøren i Fjordingen støttar, er ikkje i tråd med ein slik filosofi.

Hans-Petter Galtung

Stryn SV