I sommar har store nedbørsmengder nok ein gong gjort enorm skade på hus, infrastruktur og landbruksområde. Det har råka mange enkeltpersonar og familiar hardt.

Det er no heilt nødvendig å satsa meir på ras- og flaumsikring. Løyvingane må opp, og ein må i tillegg finna smarte løysingar og sikra samarbeid mellom aktørar.

Staten må i større grad finansiera nødvendige sikringstiltak. Ei betre ordning for finansiering av bruer og infrastruktur må på plass raskt.

Det er svært uheldig at ferdig planlagde prosjekt vert utsette fordi dei fell mellom to eller fleire stolar. Sikring av Storelva i Innvik må såleis koma på plass raskt. Høgre tok dette opp i Vestland fylkesutval tidlegare i år og er klar til å vera med på ei løysing som sikrar realisering av dette svært viktige tiltaket.

Regulering av vassdrag er og tiltak som hindrar eller reduserer flaumfare. Difor må ein opna for å regulera også verna vassdrag. Konkrete prosjekt må koma fram til konsesjonshandsaming. Det er då ein får ei reell vurdering av sikring av liv og helse sett i høve til verneverdiar.

Behovet for ras og flaumsikring er godt dokumentert, kommune for kommune. Tida er inne for handling.

Noralv Distad

medlem for Høgre Vestland fylkesting og 2. kandidat til fylkestingsvalet