I desse valkamptider blir det ofte snakka om dei store sakene. Millionane, utbygging og store samferdselprosjekt. Det er sjølvsagt viktig og noko vi i Stryn Venstre også er opptatt av. Likevel er det også viktig å sjå kva ein kan gjere med små grep. Vere igangsetjarar.

BUA

Stryn Venstre fekk denne perioden lagt inn kommunalt tilskot til BUA. På den måten vart det gitt høve å starte ein utleigesentral som kjem alle til gode. Kanskje særleg viktig for dei som ikkje har så god råd, men også for dei som ynskjer å prøve noko nytt. Det er også eit godt miljøtiltak, sidan ein på denne måten kan få lånt utstyr som ein elles ville kjøpt og kanskje brukt ein gong eller tre.

Helt med

Gjennom budsjettarbeid er det også lagt til rette for at psykisk utviklingshemma kan få jobb i Stryn kommune gjennom Helt med ordninga. Dette er ein ordning som etter kvart har etablert seg over store deler av landet. At dei ynskte å satse på Stryn, var fordi Stryn Venstre hadde sagt ein ville satse på denne ordninga.

Liv og Lyst

Dette er ein fylkeskommunal ordning som gjer at eit bygdelag kan få støtte til utviklingstiltak i si bygd gjennom eit fireårig utviklingsarbeid. Samla ligg det nesten ein halv million i potten om ein blir tatt opp i ordninga. Stryn Venstre sytte i budsjettarbeidet for at den kommunale biten no ligg klar og ventar på dei som set i gong prosjektet.

ME-konferansen

Stryn Venstre har jobba for betre oppfylging av ME-sjuke. Dette er ein sjukdom som rammar for mange. Det er for dårleg tilrettelegging og for lite forsking for gruppa. Gjennom arbeidet til Stryn Venstre kom det på plass ein halv million i statleg støtte til ME-konferansen i Stryn.

Inkluderingsutval

Stryn Venstre fekk oppretta Inkluderingsutvalet i Stryn. Dette har vore viktig for å løfte saker som gjer at vi kan bli endå betre å inkludere alle i strynesamfunnet.

Neste fire år

I neste periode ynskjer vi å få til eit tilflyttarkontor som gjev alle tilflyttarar ein betre og enklare start når dei kjem til Stryn.

Vi ynskjer å samordne tiltak for barn og unge slik at alle har råd og moglegheit til å vere med på fritidsaktivitet.

Stryn Venstre ynskjer å få i gong «Home Start» ordning i Stryn og i samarbeid med indre Nordfjord. Dette er ein ordning som er veldig viktig for dei som slit i småbarnsfasen. Det kan vere til stor hjelp for barnefamiliar som treng litt hjelp for å kome over kneika.

Elles skal vi framleis vere lydhøyre og opptatt av å ta dei som treng ekstra å bli høyrt og snakka for. Det er ein lovnad og ein del av det å vere aktiv i Stryn Venstre.

Torstein Tvinnereim, ordførarkandidat Venstre

Endre Bø, 6. kandidat Venstre