Ein av demokratiets høgtidsdagar står for døra. Måndag 11. september vert vi inviterte til valurna igjen for å gjere vår borgarplikt. I Gloppen stiller 7 parti til val med til saman 138 listekandidatar og for fylkestingvalet i Vestland har ein heile 18 lister å velje mellom. Stor ros og takk til alle kvinner og menn som har takka ja til å stå på valliste kringom i landet. Dette er sjølve fundamentet i vårt demokrati! Vestland blei eit nytt fylke etter førre fylkestingval.

Tidlegare ordførar i Radøy, Jon Askeland frå Sp vart valt til fylkesordførar i koalisjon med Sp, Ap, KrF, SV, Venstre og MGD. Mange var nok både uroa og spente på korleis det nye fylkestinget ville evne å samarbeide. I gamle Sogn og Fjordane var det stor usemje om samanslåinga. Skepsisen for eit dominerande Bergen med omland låg nok mykje til grunn for det.

Det nye fylket har stått fram som ei vel fungerande eining så langt. Det skal alle partia i fylkestinget sjølvsagt ha ros og ære for! Likevel, eg trur fylkesordførar Jon Askeland skal framhevast spesielt i dette bildet. Han har opparbeidd seg høg tillit og fått eit mykje godt omdøme i heile fylket. Inga sak er for liten eller stor for hans utrøyttelege engasjement for Vestland. Som tidlegare regiondirektør i Felles- kjøpet, kjenner Askeland det nye fylket på eit unikt vis. Denne kjennskapen trur eg er ei særs god ballast i vervet!

Høgre sin listetopp, Silja E. Bjørkly, teiknar til å bli Jon sin utfordrar. Alt tyder det vert jamt mellom dei. Sistemandatet til Sp kan verte avgjerande. Senterungdomen Steffen Fjellestad frå Gloppen er ein av dei som kjempar om fast plass på fylkestinget.

Fylkesordførar Askeland har eit smittande godt humør, stor arbeidskapasitet, brei og allsidig erfaring frå både politikk og samfunnsliv, samt evne både til samarbeid og kompromiss på tvers av politiske skiljelinjer.

Eit velmeint råd til dykk som er usikre på kva liste som skal leggast i urna, les gjerne valprogrammet til Senterpartiet for kommune- og fylkestingvalet. Godt val!

Bjarne Bø,

Gloppen