Stryn Frp går til val på å avvikle feriestengte barnehagar og SFO, samt at opningstidene skal utvidast. Vi meiner at eit godt barnehage- og SFO-tilbod er ein grunnleggande faktor for arbeidet med heiltidskultur i kommunen og for eit godt næringsliv!

I årsmeldinga til Stryn kommune frå 2021 står det at kommunen har som mål at fleire skal jobbe heiltid og andelen heiltidsstillingar skal auke i åra framover. Fleire som jobbar heiltid er blant anna viktig for lønsutjamning mellom kjønna og for å kunne levere gode tenester. Tal frå årsmeldinga viser at det kun er 38% kvinner og 46% menn som jobbar heiltid i Stryn kommune. Desverre må mange jobbe deltid grunna manglande SFO-tilbod, og mange opplev at opningstidene ikkje er forenlige med vanlege arbeidstider der ein byrjar på jobb kl. 7 eller sluttar kl. 17. For å nå målet om fleire heiltidsstillingar meiner Stryn Frp at eit godt barnehage- og SFO-tilbod er avgjerande.

Når skuleborn har lengre ferie i løp av året enn foreldra til saman, og barnehagar og SFO har stengt pga planleggingsdagar i tillegg til feriestenging, er det svært vanskeleg for mange å kombinere arbeid og familieliv. Undersøkingar viser at arbeid-heim motsetningar utgjer ei stor belastning for mange, og kan føre til redusert fysisk og mental helse. På sikt kan dette også få konsekvensar for bedrifter i form av mindre effektive arbeidstakarar, høgare fråvær og høg turnover (Thuen, 2006). Slike konsekvensar ønskjer vi ikkje, og Stryn Frp meiner difor at at Stryn kommune som arbeidsgivar og som kommune har eit ansvar for å legge til rette slik at det er muleg å kombinere fulltidsjobb og familieliv.

Fire veker sommarstengte barnehagar og SFO i juli byr på store problem for mange, både private og offentlege bedrifter. Stryn er den største turistkommunen på Vestlandet etter byane, noko som fører til at det trengst stor arbeidskraft om sommaren. Innan kommunale helsetenester må forsvarleg drift sikrast, noko som gjer at tilsette må delast i feriepuljer og ha anten tidleg eller sein ferie. Slik puljeferie inneber at dei med små born vil oppleve å stå utan barnehage- og SFO-tilbod medan ein sjølv må på jobb. Og kva gjer ein då? Det er nemleg ganske mange i det norske arbeidslivet som ikkje følger fellesferien og har fri når barnehage og SFO stenger ned.

Dei aller fleste er avhengige av å jobbe fulltid for å klare seg økonomisk, og endå fleire no med låg kronekurs og auka vareprisar. Det er difor viktig at foreldre har gode tilbod til borna sine slik at dei kan gå på jobb. Dette er også er viktig for å hindre at stadig fleire fell under fattigdomsgrensa! Avvikling av feriestengte barnehagar og SFO, og utvida opningstider er vidare avgjerande for å sikre tilstrekkeleg arbeidskraft i kommunen og for at Stryn skal vere ein attraktiv kommune å bu i og flytte til!

Stryn Frp vil at barnehage- og SFO-tilbodet skal ha opningstider som er forenlige med ein heiltidskultur i kommunen, og vere tilpassa samfunnet vi lever i no. Stryn Frp vil gjere det lettare å kombinere arbeid og familieliv!

Vegard Bjørlykke

1. kandidat Stryn Frp