Sett i lys av den tragiske hendinga i Os i Bjørnafjorden for kort tid sidan, der politiet har sikta ein ungdom under 18 år for drapsforsøk, er det naudsynt ta opp debatten om rus- og kriminalitetsførebygging. Dette er alvorleg, og føyer seg inn i eit nyhendebilete som refererer slike hendingar oftare og oftare. Ungdom og foreldre vert sterkt bekymra. Viktigheita av trygge oppvekstkår for ungdomen vår har sjeldan vore så naudsynt som no.

Rus- og kriminalitetsførebygging er ei av dei viktigaste kjerneoppgåvene til politiet. Samstundes har vi som innbyggjarar eit stort ansvar. Eit ansvar for å fylgje med, vise omsorg og å setje grenser for ungdommen vår når vi møtast i familien, på institusjonar og i det friviljuge lag- og organisasjonslivet.

Frå Ungdata si siste undersøking er det mange urovekkande funn. Mellom anna tilkjennegjer 18 prosent av alle ungdomsskuleelevar at dei har hamna i slåstkamp. Vidare rapporterer den same gruppa ungdomar at 16 prosent har fått tilbod narkotika.

Dette er ei utvikling Senterpartiet ser svært alvorlig på. Vi må alle sjå på måten vi tilnærmar oss ungdom på og tørre å setje grenser for kva som er greitt og kva som ikkje er greitt. For ofte vel vi som foreldre og føresette å distansere oss til desse utfordringane, i staden for å ta praten med ungdommen vår.

Når utfordringane vert for store er det lett å la for eksempel skule og kommune invitere til foreldremøte med representantar frå politiet og helsetenesta. Når praten i mange høve skulle vore tatt langt tidlegare rundt frukost- eller middagsbordet.

Regjeringa vil om kort tid kome med sin førebyggings- og behandlingsreform. På Stortinget rasar debatten om bruk og oppbevaring av narkotika.

Høgre og Venstre er dei sterkaste røystene for ei straffefrigjering av å gå rundt med doser med illegale rusmiddel som kokain, amfetamin og cannabis. Høgre har diverre stadfesta at dei igjen går til val på dette standpunktet i 2025.

For Senterpartiet er det uaktuelt å gjere det straffefritt med narkotika.

Dette kan skape grunnlag for auke i kriminaliteten, særleg blant ungdom. Vi må tore sette tydelege grenser for kva som er rett og galt.

Eg vil gjerne utfordre Høgre sine ordførarar på om dei støttar sitt parti i dette synet, og vil opne opp for at det skal verte straffefritt å gå rundt med narkotika i sitt lokalsamfunn.

Rusbruk er ein av dei største faktorane for avhengigheit, fylgjekriminalitet og vald. Vi kjenner godt til politiet sitt varsla behov om auka ressursar til førebyggingsarbeid. Samstundes vert det paradoksalt om vi frå Stortinget si side skal opne opp og gjere rusbruk straffefritt.

Politikken om straffefrigjering som Høgre og Venstre fremjar skyv dei tunge rusmisbrukarane framfor seg, og gløymer det breie lag av ungdomar. Vi må ivareta begge gruppene. Dei som treng hjelp skal få det, men straffefrigjering er ikkje vegen å gå.

Skal vi som samfunn etablere gode rammer og sikkerheitsnett for ungdomen vår, må vi stå saman i arbeidet. Vi som vaksne må seie tydeleg nei og gje ungdommen vår klare rammer.

Hans Inge Myrvold

stortingsrepresentant Senterpartiet, Hordaland valdistrikt