Mange gode grunnar for å stemme Høgre i Stryn! Høgre kan og vil få fart på Stryn kommune!

Vi ser moglegheitene og går gjerne ekstra rundar for å sikre dei beste vedtaka med innbyggjarane i fokus.

Høgre går til val på å prioritere det viktigaste først som barnehage, SFO, skule, helse og eldreomsorg, og vi skal leggje til rette for eit varmt samfunn der alle kjenner seg verdsett og inkludert.

Konkrete løfter er barnehageopptak heile året, SFO på alle skulane våre og at vi vil jobbe for eit tett samarbeid mellom SFO og kulturskulen. Vi vil tilsetje fritidskoordinator som skal jobbe for å hindre utanforskap og skape attraktive aktivitetar i heile kommunen. Høgre har elevane i fokus, lærarane skal få vidare- og etterutdanning, skulebygga skal vere tenlege, vi skal ha ein mobbefri skule der elevane trivast, leverer gode resultat og klarer å gjennomføre.

Nybygg på Tonning barneskule var inne i budsjett og økonomiplanen i sist periode, no er den dessverre ute. Høgre meiner det er ei hastesak å få utbygging av Tonning barneskule og vil lage rom for dette i budsjettet for 2024.

Vi skal skape ei JA-kommune på lag med innbyggjarane, frivilligheita og heile næringslivet. Kommunen skal jobbe etter strategiane som er vedtatt i Vestland fylkeskommune, som frivillighetsstrategi som skal styrkje organisasjonslivet og frivilligheita og satt mål for korleis vi kan inkluderer fleire. Denne våren fekk eg vere med å vedta den nye regional kulturplan gjeldande fram til 2035 som kommunen må nytte i utvikling av kulturen- og idretten i heile kommunen. Vi er imål når alle innbyggjarane våre får moglegheit til å delta på aktivitetar som vert arrangert i lokalsamfunnet vårt.

Skal vi lykkast med å skape eit attraktivt lokalsamfunn må vi gjere det enklare for næringslivet å starte opp og drive bedrifter, her er rask saksbehandlingstid avgjerande for å lykkast. Eit av Høgre sine viktigaste valløfter denne valkampen er å sørgje for ei raskare og betre saksbehandling. Vi meiner at kommunen treng tydlegare saksbehandlingsfristar slik at næringsdrivande veit kva dei kan forvente seg der dei vil utvikle seg vidare eller ved nyetableringar.

I Stryn er 2/3 av alle sysselsette tilsett i privat næringsliv, Høgre er på lag med jobbskaparane og vi lovar at det skal verte enklare å skape jobbar med ei ja-haldning og meir effektiv saksbehandlingstid. Høgre vil at alle skal få den omsorga dei treng uansett alder. Utbygging av omsorgssenteret med god utnytting av sansehage og byggmasse vert satt i gang i neste kommunestyreperiode. Vi i Høgre ser endå lengre fram og meiner at ei viktig satsing på sikt er å få etablere ein demenslandsby a la «Dronning Ingrids hage» på Tonning barnehagetomta. Det handlar om å skape ein verdig form for demensomsorg i kommunen.

Kommuneøkonomien har vorte utfordra av renteutviklinga og vi har siste året hatt ei dobling på rentekostnadane som igjen gir oss eit dårlegare handlingsrom. Høgre evner å ha fleire tankar på ein gang, vi ser dagens behov og vi vil utfordre kommuneadministrasjonen på moglege tiltak for å skape oss det handlingsrommet som må til. Dette er viktig for at vi skal kunne få på plass fleire viktige arenaer som vil skape eit trygt og attraktivt lokalsamfunn og ta Stryn i riktig retning inn i framtida.

Vil du ha meg som ordførar i Stryn og kommunen sin ombodskvinne må du stemme Høgre. Eg er klar til å ta på meg denne rolla og vil kjempe igjennom viktige saker for innbyggjarane våre både lokalt, regionalt og sentralt. Godt val!

Sonja Øvre-Flo

ordførarkandidat Stryn Høgre