Vi har vel alle etter kvart skjønt og erkjent at det er biologiske forskjellar mellom kvinner og menn. Kvinnekroppen er laga for reproduksjon, med alt det dette inneber av hormonelle og kroppslege endringar gjennom et langt livsløp. Kunnskapen rundt kvinnehelse er altfor låg, både i helsesektoren og elles, og det må no eit stort løft til for kvinner si helse.

Det blir forska for lite på kvinnehelse. Dette vart slått fast allereie i 1999 (NOU 1999:13, «Kvinners helse i Norge»). Spesielt vart meir forsking på kvinnesjukdommar i dei yngre og eldre aldersgruppene etterlyst. At Forskingsrådet har finansiert 79 forskingsprosjekt på kvinnehelse dei siste fire-fem åra, monnar dessverre ikkje helt.

Tal frå Levekårsundersøkinga om helse frå SSB i 2020 viste at det har vore ein auke i psykosomatiske plager blant unge kvinner i alderen 16–24 år. Og kvinner står for nær tre firedelar av førekomsten av eteforstyrringar. Sjølv på sjukdommar som rammar kvinner meir enn menn, er det meste av forskinga gjort på menn.

10 prosent av den kvinnelege befolkninga i yrkesaktiv alder er uføre. Kvinnehelse er for alvorleg til at merksemda rundt dette tar slutt. Det handlar trass alt om helsa til halve befolkninga. Det handlar om at det vi gjer i dag får store konsekvensar for neste generasjon. Det er ikkje berekraftig at kvinner fell tidlegare ut av arbeidslivet på grunn av helseplager som langt på veg kunne vore unngått.

Kjønnsforskjellar i sjukdoms-risiko

8. mars publiserte NAV ein artikkel frå ei undersøking dei har gjort på kvifor kvinner har høgare sjukefråvær enn menn, også når ein ser vekk frå sjukefråvær i samanheng med graviditet. Forsking har blant anna avkrefta at kjønnsforskjellen i sjukefråvær skuldast at kvinner er i meir belasta yrke.

Det viste seg at kvinner oftare enn menn er sjukmeldt med diagnosar som kvinner har større risiko for å få enn menn. Dette gjeld blant anna ikkje-kjønnsspesifikke sjukdommar som depresjon, angst, nakke- og skuldersmerter, fibromyalgi, migrene og autoimmune lidingar.

Kjønnsforskjellane i sjukdomsrisiko oppstår ofte i ung alder, før ein startar arbeids- og familieliv, og akkurat dette er ganske viktig å legge merke til. Dette indikerer at deler av kjønnsforskjellane i sjukdomsrisiko er uavhengig av arbeidsliv og familieliv, og at dei delvis kan forklarast med rett og slett universelle kjønnsforskjellar i sjukdomsrisiko.

Vi er nøydde til å ta kvinnehelse på alvor!

På grunn av forskjellig biologi er altså nokre sjukdommar hyppigare blant kvinner, og kvinner er generelt lenger sjukmelde enn menn. Kvinner har ofte dobbel arbeidsbyrde, mange av diagnosane hos kvinner er knytt til livshendingar, og når ein har sjuke barn blir gjerne mødrene sjukmeldt.

Det er kvinner i alderen 20-45 år som har auka risiko for dei sjukdommane som gir høgare sjukdomsfråvær. Det er også bekymringsverdig at kvinner tidlegare enn før blir sjukmeldt og har høgare risiko for sjukdommar. Kvinnehelseutvalet (nedsett 2021) kom med si utgreiing i 2023: NOU 2023: 5 «Den store forskjellen – Om kvinners helse og betydningen av kjønn for helse»

I rapporten seier kvinnehelseutvalet at vi må erkjenne at kjønn har betydning for helse, og at vi må auke statusen for kvinnehelse, også som fagområde innan medisin. Til tross for auka merksemd dei seinare åra, finn utvalet at ei rekkje sjukdommar som rammar fleire kvinner enn menn, har lågare prestisje. Fleire plager og lidingar er også forbunde med stigma og skam.

Kvinnehelseutvalet har foreslått 60 tiltak som vil gi eit løft for kvinner si helse – gjennom alle delar av livet. Desse tiltaka skal vere systematiske, på tvers av sektorar, og inkluderast i forsking, innovasjon, utdanning, helsepolitikk og helsepraksis. Mange av tiltaka er også retta mot barn og unge.

Kvinnehelse må gå frå å vere eit spesialomsyn, til å integrert i tenesteleveransen og kunnskapsproduksjonen i helse- og omsorgssektoren. Eg meiner at denne NOU-en og dei føreslegne tiltaka frå kvinnehelseutvalet bør vere obligatorisk kjennskap og kunnskap for alle politikarar og alle tilsette i helsesektoren. Og eg håpar Stortinget vil løyve den milliarden som skal til. Det er veldig gode tiltak som er foreslått, - eg vart så glad når eg leste gjennom rapporten, og dette er verkeleg ting som vil gi eit skikkeleg løft for kvinnehelse - og som vil betre livet for kvinner i alle delar av livsløpet.

Eg ønskjer og håpar at alle politikarar og helsemyndigheiter vil pushe på for å følge opp denne rapporten i praksis i tida som kjem. Tema kvinnehelse må vere prioritert i alle handlingsplanar, i stortingsvalprogram og i alt vårt arbeid framover.

Janne Elin Alsaker

leiar i Stryn Venstre og Vestland Venstrekvinnelag