Kva med løysingar og moglegheiter?

Innleiingsvis skal det påpeikast at eg sjølv ikkje var til stades under foredraget til Håvard Moe frå KS Konsulent AS til kommunestyrerepresentantane i Stryn, og det einaste eg har som referanse er saka som er publisert i Fjordingen.

«The perfect storm»

Men, ut i frå det som er skrive her, så skildrar Moe ei dyster framtid og det han beskriv som «the perfect storm». Som dagleg leiar i Inviro, er ein del av jobben vår å ha ei viss innsikt i desse utfordringane. Moe, referert til av Fjordingen, peikar mellom anna på høgare rente, løns- og prisvekst, eldrebølgja, auke i sosialhjelp, fallande skatteinngang og sentralisering. Vi har ikkje noko å legge til på utfordringane som Moe legg fram. Dette er framtidsutsikter som er godt forankra i forsking. Men, det vi gjerne vil stille spørsmål rundt er kva moglegheiter og løysingar på desse utfordringane ser Moe og KS?

Det er mykje ein kan «slå fast», som for eksempel at «struktur er svindyrt» og at ein må ha fokus på «produktivitet og effektivitet». Men går ein inn i framtida med ein tanke som svirrar i bakhovudet om at alt er som «svartaste natta», då blir det ofte slik. Dersom ein skal nedprioritere skular, barnehagar, nivå på lokale tenester, kor mange elevar pr lærar, når ein «er sjuk nok» til å kome på omsorgssenter og så vidare, verkar det då attraktivt å etablere seg/bli buande i Nordfjord?

Attraktivitet

Sjølvsagt forstår vi at Moe har sett dette litt på spissen, og det er reelle utfordringar vi som samfunn og innbyggjarar står overfor. Men det er svært viktig for kommunestyrerepresentantane i alle kommunane i Nordfjord at ein også ser på det positive, og ser kva moglegheiter som er i regionen vår. Utan at ein legg til rette for aktivitet, bu-lyst, gjer smarte investeringar, satsar på dei som skapar noko og utviklar gode lokale tenester, vil dette berre negativt forsterke desse utfordringane, og vi vil på denne måten bidra til å forsterke sentraliseringa, som igjen vil få konsekvensar for dei andre utfordringane vi står ovanfor. Vi i Nordfjord, med kommunane i spissen, må gjere oss så forbaska attraktive at det i Nordfjord blir eit reelt val for dei som vurderer å flytte tilbake til Nordfjord eller om ein vurderer å flytte til storbyen.

Både privat og via Inviro, likar eg å seie at Nordfjord har ein positivitet rundt seg, og det har vi hatt dei siste 7-8 åra. Nordfjord, blant min generasjon, er per i dag ein attraktiv stad å flytte til/bli buande. Eg er ein heilt vanleg familiefar med kone og to born, og vi gjorde som mange unge-vaksne frå distrikts-Noreg gjer når det er tid for å ta høgare utdanning. Vi flytta til storbyen då vi var 18 år, men hjartet banka for Nordfjord og 17 år seinare var vi tilbake. I min eigen omgangskrins er Nordfjord i dag eit attraktivt val å flytte til/bli buande i.

Poenget mitt er at dette er ikkje noko ein skal ta som ein sjølvfølge, og som for ikkje meir enn 10-15 år sidan var svært annleis. Det ein som utflytta nordfjording kunne lese om i lokalavisene var prega av negative skildringar og dei store utfordringane ein stod overfor. Dette var då ikkje det beste salsargumentet for å flytte tilbake til Nordfjord.

Kostnadssparing og nedlegging

Nordfjord i dag er ein fantastisk stad å bu, arbeide og leve. Det er trygge og gode oppvekstvilkår for born og unge, ein har stort sett alle lokale tenester ein har behov for, ein har svært gode barnehagar og skular, ein har offensive kommunar og ein har eit attraktivt næringsliv som satsar.

Sjølvsagt forstår vi at kommunane må ha fokus på produktivitet og effektivitet, som Moe seier. Men hugs på at produktivitet og effektivitet ikkje må bli «kostnadssparing og nedlegging» som medfører dårlegare tenester, mindre bu-lyst og ei negativ omtale om korleis det er å bu, leve og arbeide i Nordfjord.

Øystein Nes

dagleg leiar Inviro AS