Gjennom sentrumsplanen som er på trappene, har vi no ein unik sjanse til å få løfta Stryn sentrum både for fastbuande og besøkande.

Stryn Venstre ønskjer eit levande sentrum med spanande møteplassar og uteareale der det er hyggeleg å vere for alle. No har vi sjansen!

Petterneset: Petterneset ligg i hjartet av sentrum, med elva som nærmaste nabo og flott utsikt oppover dalen og ned til fjorden. Tilknytinga til Gamlebrua og Bruagrenda, samt godt vedlikehaldne gardar på Årheim, gjer at dette er ei perle. I dag står det diverre gamle garasjebygg på tomta. Her treng vi ei oppgradering. Kommune og/eller private utbyggarar bør her gå saman og løfte dette området til den standard det fortener.

Grøne lunger, gangstiar og barnevenleg areal: For at sentrum skal vere triveleg, treng ein grøne lunger. Ein treng stiar det er hyggeleg å gå langs, butikkar og kafear ein har lyst å gå inn på. Vi har i dag eit sentrum med både gode butikkar og kafear. Det må vi bygge vidare på. Så må vi legge heile sentrum betre til rette for gåande, syklande, barn og ikkje minst rullestolbrukarar og andre som har utfordringar med å ta seg fram.

Uterom: Per Bolstad plass er i dag festivalplass, og fungerer fint som det. Den fungerer ikkje så bra som uterom der det er naturleg å samlast og ha det hyggeleg. Med trivelege uteserveringar på begge sider og eit ikonisk bygg i Heradsheim på den andre sida, er potensialet stort. Det er på tide vi utnyttar dette potensialet. Meir beplanting som kan flyttast i festivaltid, benkar og enkle leikeapparat. Kanskje kunne ein og vurdere å utvide arealet for servering på sommarstid, slik at deler av plassen kunne nyttast til dette?

Sentrum for heile kommunen: Stryn Venstre er opptatt av heile kommunen. Skal Stryn kommune vekse og utvikle seg, er det likevel viktig å ha eit sentrum som fungerer og kan vere motoren for vekst og utvikling, både i sentrum og for resten av kommunen.

Janne Elin Alsaker

2. kandidat Stryn Venstre