Behovet for sikringstiltak langs elv og sikring mot skred er svært ulikt fordelt mellom kommunane i landet. For nokre kommunar er og blir dette ei stor utfordring. Med dagens regelverk er det også ein svært stor utgiftspost. Andre kommunar går heilt klar slike utfordringar.

Kommunane må garantere for distriktsandelen, som er 20 % av kostnaden. Denne kan krevjast betalt av grunneigarane. Grunneigarane får ofte så store eigenandelar at det ikkje er handterbart. Alternativet blir då at kommunen må ta kostnaden. Begge deler er like feil, og vil på sikt gjere nødvendig sikring nærast umuleg i mange kommunar. Dette til tross for at ein veit at å førebyggje ein skade er langt rimlegare enn kostnaden med skade og reperasjon.

Det er NVE som prosjekterer og gjennomfører sikringsarbeid. Utan at kommunen står bak utforming og gjennomføring blir dei likevel ansvarleg for vedlikehaldet av sikringstiltaket framover. Eit ansvar som kan bli ei umuleg oppgåve for kommunar med mange sikringsobjekt.

For kommunar som Stryn er dagens regelverk dramatisk. Her har ein og Jostedalsbreen i fjella kring oss med fleire titalls elvar som anten krev, eller truleg vil krevje, tiltak framover. Breen er eit kjempestort magasin, den smeltar og her veit ein ikkje korleis dette vil påvirke elvane. Samstundes er det meste rundt oss verna. Det gjer det i mange tilfelle umuleg å gjere dei tiltak som kanskje er rimeligst og mest effektive.

Det blir med tyngde hevda at det er den menneskeskapte klimaendringa som fører til meir ekstremvær. Det blir då heilt feil at nokre skal måtte betale ei særs stor ekstrarekning for dette. Det rette må vere at fellesskapet tar rekninga og like rett at det er Staten, og ikkje kommunane, som er rett adresse. Risiko, og antall sikringsobjekt, er tross alt særs ulikt fordelt kommunane imellom.

På vegner av fellesskapet må Staten her ta ansvar for: Auka fokus på sikring av elvar og sett NVE istand til å gjere betydeleg meir sikringsarbeid.

Løyse utfordringane ift kostnad/ansvar for bruer som har for lite lysopning, eller er konstruert slik at dei kan bli årsak til flaumskade.

Distriktsandelen må fjernast, og kommunane må fritakast for ansvaret for det framtidige vedlikehaldet av utførd sikringsarbeid.

Rune Myklebust

Stryn Senterparti