Nokre få månader skulle det ta. Nokre få månader med stabil drift i barnehagen etter at skulane Rand og Nordsida vart slått saman. Ein veldig kort pause før administrasjonen på ny føresler endringar som får dramatiske konsekvensar for fleire familiar, nok ein gong utan noko dialog med dei som vert råka. Måten det vert gjort på er respektlaus og kritikkverdig.

Administrasjonen har levert saksframlegg om å legge ned barnehageavdelinga på Rand UTAN å snakke med oss foreldre, UTAN å spørje oss om korleis vi tykkjer det fungerer, UTAN å eingong gje beskjed om at det er ei sak som skal opp (så vi får vite det via andre kun få dagar før saka skal handsamast). I saksframlegget er overskrifta «Evaluering av drift av barnehageavdeling på Rand», medan saka eigentleg handlar om nedlegging av eit tilbod vi har vore nøgde med. Vi har ikkje fått informasjon om utfordringane dei skildrar og såleis ikkje fått høve til å uttale oss eller kome med innspel. Vi opplever tvert imot at ungane har trivast godt med den ordninga som har vore.

For dei som ikkje kjenner til dette så er saka kort oppsummert at det er svært utfordrande, i praksis uråd, for oss å levere barnehageborn i Blakset, for så å nå arbeidstider på Eid. Det vil medføre seks mil ekstra køyring kvar dag, på dårleg veg, i mange år. I tillegg til seks mil pendling vert det 12 mil køyring dagleg. Vi misser også tilbod om SFO i framtida, fordi dette også medfører lang veg for å hente og bringe. Ironisk nok er hovudargumentet i saksframlegget at tilsette og vikarar har lang køyreveg...

Trass i at administrasjonen er godt informert om utfordringane ei slik nedlegging medfører er det ikkje gjort noko forsøk på å finne andre løysingar, som til dømes å inngå ei avtale med Stad kommune slik at vi kan søkje barnehageplass der for dei som treng det. Dette foreslo den same administrasjonen sjølv, direkte til oss, då dei slo saman skulane. Var dette også berre tomme ord? Vi opplever INGEN DIALOG og ingen gode forslag til løysingar som gjer det råd å bu her.

I prosessen med samanslåing av skulane hadde vi, etter fleire utfordrande og utmattande runder med saksframlegg fram og tilbake og korte fristar til uttale, eit møte med administrasjonen. Der bad vi fint om det ikkje kunne vere mogeleg å ta oss det gjeld med på råd før saker vert sendt til politisk handsaming. Dette for å kanskje heller kome fram til gode løysingar gjennom dialog og samarbeid og å sleppe den belastninga det er å heile tida stå i slike saker. Dette sa administrasjonen at var eit godt forslag. Dei beklaga at dei ikkje hadde gjort dette i saka om skulane. Dei lytta til våre utfordringar, tankar, behov og forslag til løysingar. Så veljer dei altså no, etter nokre få månader med drift, å ignorere alt dette.

Dessverre er vi ikkje overraska. For slik har vi blitt behandla over lang tid. Det opplevast for oss arrogant og respektlaust. Berre sidan vi flytta heim for sju år sidan er dette det fjerde forslaget/prosessen om nedlegging/samanslåing vi står i. Lange, krevande prosessar som er ekstremt slitande å stå i gang, på gang på gang.

For oss er realiteten at vi ikkje veit om vi har barnehageplass til ungane våre om kun få månader. Det er berre veker att til søknadsfristen for barnehageopptak, og vi veit ikkje kva vi skal gjere. Er alternativet å flytte? I tilfelle kan eg love at det vert ut av kommunen. Tilliten til administrasjonen er ikkje-eksisterande. Vi kjenner oss makteslause og oppgitt. No set vi vår lit til at politikarane bed dei lage gode løysingar for oss som gjer det mogeleg å bu her. Per no ser vi ikkje anna løysing enn å få ei god avtale med Stad kommune, både for barnehageborn og seinare grunnskule, sjølv om dette vil splitte bygda og ungane.

Eit hjartesukk til slutt; tenk om alle dei kreftene folk i bygda har brukt på alle desse prosessane, saksframlegga, på å kjempe, uroe oss, vere sinte, frustrert, lei oss og trøtte, skrive brev og prate med politikarar; tenk om desse kreftene heller kunne vore nytta på å skape eit godt lokalsamfunn. Då hadde kanskje kommunen framleis vore ein stad eg ville anbefale folk å flytte til. No er eg gått over til å heller advare mot å flytte til Stryn kommune. Særskilt dersom du er ein del av ein småbarnsfamilie.

Vibeke Rand

frustrert og oppgitt trebarnsmor busett i Randabygda