Det nærmar seg 11. september og valdag. Innbyggarane i Volda skal avgjere kven som skal styre kommunen dei neste fire åra.

Diverre har valkampen så langt vore prega av sentrale politikarar som på rad og rekke har gjort dumme val.

Dette må ikkje få prege den lokale valkampen, der gode kandidatar frå ulike parti stiller til val og er villige til å bruke fritida si til å gjere Volda til ein betre kommune å bu i.

Men- betyr det noko kven som styrer kommunen? Sjølv om mange av rammene blir lagde sentralt, har kommunestyret eit handlingsrom, både når det gjeld velferdstilbod, miljø og utvikling.

Volda SV stiller med fire flotte kandidatar som gjerne vil vere med og gjere denne jobben. Kari Hasle, Jan Erik Stokkeland, Gunnar Strøm og Anne-Karin Espe har alle røynsle frå kommunepolitikken. Dei vil vidareføre det gode arbeidet dagens SV-gruppe, Cecilie Rørstad, Jan Erik Stokkeland og Silje Louise Dahl har gjort.

I ein valkampinnspurt vil alle det beste. Like viktig som å lese valprogramma, kan det vere å sjå på kva partia har stått for dei siste fire åra. Som del av posisjonen har SV tidlegare delteke i oppsummering av det ein gjekk til val på, og som er gjennomført. Det er ikkje reint lite, og det er vi stolte av å ha vore med på. Vi takkar for godt samarbeid med dei andre partia! Vi ynskjer i tillegg å trekkje fram nokre raude og nokre grøne saker Volda SV har kjempa for. Ulikskap, klima og miljø er hovudutfordringar i Volda og verda. SV kjempar både for rettferdig fordeling og miljø, for mindre skilnader og sterke fellesskap, for rein natur og ei grønare framtid.

Å hindre at born skal vekse opp i familiar med vedvarande låginntekt, har vore ei prioritert oppgåve. Vi er glade for gjennomslaget for botnfrådraget i eigedomsskatten, og vil arbeide vidare for å heve dette. Kampen for å halde barnetrygda utanfor utrekning av sosialstønad vart nedstemt av fleirtalet i kommunestyret, men her ordna heldigvis SV sentralt opp. I komande periode går Volda SV til val på å lage ein handlingsplan mot barnefattigdom. I tillegg vert arbeidet med tidleg innsats og redusert klassestorleik sentralt.

Nokre av dei grøne sakene vi er stolte av å ha teke initiativ til, er venterommet på busshaldeplassen, betre busstilbod mellom Volda sentrum og Grodås, og vedtaket om å greie ut ein gjenbruksverkstad i Volda og Ørsta. Klimaendringane vert stadig meir synlege, og vi i kommunane må gjere vårt for å redusere utsleppa. Betre kollektivtilbod vil framleis vere ei viktig sak, både når det gjeld buss og ferjer. Energisparing og solceller på kommunale bygg er andre viktige miljøsaker. Ein gjenbruksverkstad vil redusere avfallsmengda, spare ressursar og skape nye grøne arbeidsplassar.

I tillegg til klimahandling er det å ta vare på naturmangfald og vern av dyrkajord saker vi vil prioritere høgt framover. SV-gruppa har i denne perioden vore aktive pådrivarar for å ta vare på nærnaturen i Volda, til dømes i samband med elveforebygging. Dette arbeidet vil vi halde fram og utvide med kartlegging av naturmangfaldet i kommunen. Vi har gått imot havbrukskonsesjonar, og vil sei nei til nye konsesjonar til miljøproblema er løyste. Det siste eg vil nemne er utvikling av tettstaden vår.

Mange fekk bakoversveis då Møre viste skisser frå mulegheitsstudien kommunen fekk utarbeidd i samband med ny sentrumsplan. SV-gruppa har jobba aktivt med denne, og mellom anna delteke i ei gruppe som har sendt innspel til planprogrammet. Vi vil ha ei tettstadutvikling med menneske og natur i sentrum, og tydelege grenser for byggehøgder og fortetting. Vi har gått imot eksisterande planar om bygg vi meiner bryt med dette, og gruppa vår ser fram til å jobbe aktivt med planen i komande periode. Til dei som har gjort seg bryet med å lese dette, ynskjer vi godt kommuneval! Målet til Volda SV er å få inn alle dei fire fremste kandidatane, men til det treng vi di stemme!

Ingrid Opedal leiar Volda SV