Sist laurdag var alle parti samla til ein fargerik stand i gata i Stryn. I løpet av ein samtale fekk vi oss ei overrasking: Ein som til vanleg er Ap-veljar fortel oss at han er i tvil om han vil stemme på Ap denne gongen.

Kvifor? Jau, vedkomande var opprørt over at Ap hadde stemt MOT nytt bygg ved Omsorgssenteret. Dersom det er dette som har fått festa seg hos folk, er det ein gedigen feilinformasjon.

Kanskje skriv det seg frå eit lesarinnlegget frå Høgre 16. juni (spørsmål til Ap) der det står: «.. hastar (det) med ombygging/utbetring så ligg det i vedtaket som vart gjort med røystene til Høgre, Senterpartiet, KrF, Frp og Venstre».

Dette er direkte feil og berre eigna til å skape forvirring i valkampen.

Den som les vedtaket i kommunestyret (referert i avisa same dag) bør vite at det var SAMRØYSTES, også med Ap sine røyster. Veka etter skriv Sæternes (H) og Myklebust (Sp) eit innlegg der dei nok ein gong problematiserer Ap si rolle. Det bør vere aksept for å drøfte alternativ, men for Stryn Ap var det aldri aktuelt å stemme MOT oppstart av byggjeprosessen. Då er det presisert nok ein gong, og vi reknar med at feilinformasjon frå H/Sp ikkje skal følgje med vidare i valkampen.

Kommunestyregruppa i Stryn Arbeidarparti