Statens vegvesen sine arbeidsoppgåver er å sikre samfunnet for transport av folk og gods, sikre samfunnet regional utvikling, og så til slutt serviceinstitusjonen og entreprenørskapet.

I Norge har vi 10.200 km med riksvegar og 44.600 km med fylkesvegar. Og det er kun riksvegane SVV no skal handtere.

Strynefjellstunnelane frå 1978 er det deira sin oppgåve å oppgradere. Og her sviktar dei sine arbeidsoppgåver til samfunnet nær 100%. SVV skal sikre heile Nord-Vestlandet sine ca. 350.000 innbyggarar med sine innovative eksportbedrifter pluss den betydelege turisttrafikken med fri flyt av dei fire friheitene (folk, varer, tenester, pengar), og ingenting skjer.

Korleis kan vi la dette skje? Har Nord-Vestlandet for liten verdi for nasjonen Norge?

Den nye Strynefjellstunnelen ligg inne både som rassikringstiltak og som mål i nasjonal transportplan. Likevel strekk ikkje den politiske viljen til, endå oljefondet bokstaveleg flyt over av pengar.

Det meste av vegmidlane blir styrt av ÅDT (årsdøgntrafikken). Og då hjelper det svært lite at ca. 90% av tungtrafikken ikkje har lov å køyre der på grunn av høgderestriksjonane på 4 meters høgde. Statistikken blir lagt til grunn på feil grunnlag, og det over lang tid, då lastebilen følgjer samfunnsutviklinga betre enn det SVV legg til grunn.

Tunnelane i Strynefjellet har ein veldig uforklarleg grov struktur i tunnelkurvaturen. Mykje meir enn til dømes Lotetunnelen eller Kjøshammertunnelen som begge blei opna for trafikk lenge før strynefjellstunnelane.

Denne grove strukturen er svært skadeleg for tungtrafikken som går der i dag, og vi kan sjå at der har vore kontakt mellom tunnelkurvatur og køyretøy i alle tre tunnelane. Du må være kjentmann for å køyre skadefritt, med andre ord.

Sidan det ikkje let seg gjere å få dei rette midlane tilgjengelige, så kan ein likevel ta nokre strakstiltak. Vi regulerer all trafikk i tunnelane med trafikklys.

1. På grunn av betre trafikksikkerheit.

2. Tunnelane er ikkje for låge, derimot er dei for smale. Ein kan då sleppe på køyretøy opp til over 4,5 meter høgde, og la dei få køyre med sentrisk køyring utan at det får konsekvenser for møtende trafikk.

3. ÅDT blir riktig i statistikken.

4. Vegen må få prioritet til ny veg då den er den einaste riksveg som er i så dårlig forfatning at tunnelane må lysregulerast.

Terje Nygård, Stryn