Møre og Romsdal fylkeskommune er for tida utan eit fungerande budsjett. Posisjonspartia har gitt fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak i oppdrag å gjere omfattande kostnadskutt utan å peike på kvar kutta skal kome. Det er politisk ansvarsfråskriving og ikkje vanleg praksis ute i kommunane. Det vanlege er at budsjett og økonomiplan vert vedteke i balanse før årsskiftet, då kan administrasjonen jobbe vidare og sette i verk tiltak som politikarane har vedteke. Slik det er no verkar det som om mange i fylkeskommunen er i villreie og lurer på kva dei skal fylle dagane med.

Dette kom tydeleg fram i samferdselsutvalet i førre veke. Planleggingsarbeidet av ny fv 60 var godt i gang, men no figurerer prosjektet på ei kuttliste som fylkespolitikarane i H, Frp, V og KrF ikkje vil ta stilling til før på fylkestinget i april.

Lokalt er det brei politisk semje om å prioritere ny fv 60 mellom Stranda og Hornindal. Seinast under ein vegkonferanse på Stranda 20. april i fjor, vart det uttrykt brei semje også mellom fylkespolitikarane. Samferdselsutvalet hadde alle høve til å fastslå at planlegginga skal halde fram, ikkje minst sidan dei same politikarane tidlegare har vedteke at pågåande og oppstarta prosjekt skal skjermast.

Det skjedde ikkje. Det var kun Ap sin Geir Ove Leite, som tydeleg støtta fv 60 og tok til orde for å gjere vedtak i saka, han vart åleine om det.

Når det gjeld fv 60 har vi opplevd mange brotne løfter. På nytt er vi vitne til at tidlegare lovnader ikkje vert følgde opp. Denne gongen av parti som yndar å kalle seg vegparti og asfaltkameratar. Frp og Frank Sve kan gjerne kritisere og bruke uvørne ord om sine politiske motstandarar, det bidreg ikkje til framgang i denne saka. Han og partiet hans burde heller brukt energien på å få i gang planlegginga. Det er dei som sit med nøkkelen. No må vi vente til fylkestinget i april før det eventuelt skjer noko, enn så lenge sit planleggarane på fylkeshuset og tvinnar tommeltottar.

Sverre Leivdal

nestleiar Møre og Romsdal Ap og varaordførar Volda