Under skulevalkampen vart det ropt høgt frå dei fleste ungdomsparti at bussen måtte vere rimeleg og kome ofte. Dette er politikk som ikkje står seg i distrikta. Det gagnar verken miljø eller økonomi å køyre rundt med nesten tomme bussar.

Ekspressbussar som går dei lange avstandandane og knyt saman regionar og landsdelar er viktig, men ein kan ikkje belage seg på buss for å få folk rundt i lokalsamfunna. For bygdeungdom er det fleksible henteordningar som gjeld.

Slik drosjeordninga trygt heim er no, gjeld den kun frå sentrum, innanfor kommunegrensene og på laurdagskvelden.

Senterungdomen i Sogn og Fjordane meiner ordninga må utvidast til å gjelde heile helga og den kan ikkje avgrensast til kun frå sentrum.

Ei betra ordning vil redusere sjansane for fyllekøyring, for køying utan lappen, for at folk sit på med nokon dei ikkje stolar på, for pirattaxi og for at ungdomen held seg heime fordi dei ikkje veit om dei kjem seg trygt heim. Det førebyggjer rett og slett utanforskap og konsekvensane av det.

Vi skal leve gode liv i heile kommunen. Vi er vener på tvers av kommunegrensene. Og festligheiter i helgane ligg ikkje alltid til laurdagen. Dette må ei forbetra og vidareutvikla henteordninga ta opp i seg, og det jobbar vi i senterungdomen for.

Stine Fjellkårstad, leiar for Sogn og Fjordane Senterungdom