Regjeringa leverer.

Regjeringa legg ny, lang Strynefjellstunnel, tilrettelagd for arm til Geiranger, etter vedteke konsept B1, inn i revidert Nasjonal Transportplan 2025 - 2037.

Takk til våre regjeringsmedlemar v/samferdsleminister Jon Ivar Nygård, Ap, fraksjonsleiar for Arbeiderpartiet i Transportkomiteen Marte Mjøs Persen, leiar for Transportkomiteen Sigbjørn Gjelsvik, Sp og resten av medlemane frå Ap og Sp i Transportkomiteen, for at de har lytta til alle vegforkjemparane sine gode argument for å gjere rv 15 over Strynefjellet ras-sikker, trygg, og miljøvenleg med 100 % regularitet.

For alle som har kjempa for ny Strynefjellstunnel i nær 20 år, er dette ein viktig milepel og stor dag. Stryn Arbeidarparti er takksame og stolte av at dagens regjering leverer som lova i valkampen i 2021.

Takk til alle gode hjelparar.

Takk til næringslivsleiarar, spesielt Rolf Olav Tenden, resten av styret, samt dagleg leiar Svein Sunde i Gode Vegar AS. Takk til kommunepolitikarar, ordførarar, varaordførarar og kommunedirektørar frå Møre, Nordfjord og Ottadalen for den store innsatsen som er lagt ned over mange år for denne viktige saka for næringsutvikling og bulyst.

Styrken har vore eit svært godt samarbeid på tvers av kommunegrenser, fylkesgrenser og politisk ståstad. Alle har drege lasset i same retning. Ingen usemje om traseval eller alternative løysingar. Saman er vi sterke.

Jan Træen,

leiar, Stryn Arbeidarparti