«Du likar å prate, du», sa ei flott dame på 90 + til meg på Strynemessa i haust, vi sat og drakk kaffi i lag og prata om laust og fast. «Oi» tenkte eg, no har eg prata, skvaldra for mykje, ho er sikkert øren av pratet mitt! «Tykkjer du eg pratar for mykje?» spurde eg. «Nei, på ingen måte,» svara ho, «det er berre det at folk har ikkje tid til å prate lenger. Eg har det så godt på alle måtar, har eiga leilegheit, steller meg sjølv, ser litt dårleg, er elles frisk, men eg har ingen å prate med til dagen!»

Det same seier ein eg besøkjer i omsorgsbolig på omsorgsenteret her i Stryn. «Eg har det så godt, eg er trygg, god mat og godt stell på alle måtar, men eg har ingen å prate med». Her kjem eg inn på dette som fleire har ytra seg i media i den seinare tid: «Rett kompetanse på rett plass» i omsorgsyrket. Den store vansken det er å skaffe søkjarar til stillingar på omsorgsentra - sjukepleiarar og helsefagarbeidarar. Kva er eigentleg «pasientretta» oppgåver? Ideelt sett skal det vel ikkje vere «pasientar» på omsorgsavdelingane, berre «brukarar», pasientane høyrer vel heime på pleie/sjukeavdelingane?

Eg er sjølv pensjonert helsefagarbeidar, var med då vaskeriet vart nedlagt og vi skulle byrje vaske pasientane sitt private tøy ute i avdelingane. Vi likte det ikkje til å byrje med, men det gjekk seg til. Det heiter så fint at omsorgsboligane - er «heimen til brukarane», og mange av dei tinga som blir nemnde i eit innlegg i Fjordingen for ei tid tilbake, er nettopp slike ting ein gjer i heimen. Når vi tørka støv på rommet til brukarane i samband med at vi «skifta på senga», så fekk dei hjelpe til, dei som ville og kunne - noko dei fleste hadde stor glede av, dei følte seg viktige.

Når vi skulle tømme bosset, tok vi ofte med ein brukar til å trille vogna og løfte sekkane opp i konteinarane, dei såg på dette som ei stor og viktig oppgåve og vart fornærma hvis dei ikkje fekk hjelpe til - av og til tok vi sekkane med når vi gjekk av vakt om kvelden. Vi sat gjerne «på stova» og la i hop klede vi hadde vaska, vi småprata med brukarane, gjerne om ein fin farge på ei jakke - det var sosialt!

Eg trur at største grunnen til at det er problem med å skaffe personale både til faste stillingar og ferieavløysarar er at dette yrket blir for lite «framsnakka» - du høyrer berre det negative!

Ein annan ting er at det er for lita grunnbemanning, særleg i omsorgsboligane, som dessverre meir ser ut til å fungere som «sjukeavdelingar» både her i Stryn og eg trur nok i mange andre kommunar og. Det er jo klart at det krevst ei heilt anna bemanning på ei sjukeavdeling enn på ei omsorgsavdeling, der folk stort sett skal greie det meste sjølve med tilrettelagt hjelp.

Eg skulle ønskje at alle politikarane, i alle fall dei som sit i Helse og Sosialnemnda (også dei i administrasjonen) som «sit på pengane» og skal gjere tilrådingar til budsjettet, hadde teke seg ei vakt eller fleire på dei ulike avdelingane innan helse og omsorg for å sjå korleis det er å arbeide innan den største sektoren i kommunen (det gjorde imidlertid kommunalsjefen i Skjåk, stryningen Ivar Bø, eg trur det var i julehelga i fjor!) Det er eit gjevande yrke, men du må først og fremst like å arbeide med folk, med eldre, demente og sjuke folk. Det er like viktig «å ha nokon å prate med» - som å få mat og drikke.

Noko må i alle fall gjerast - med det overforbruk på vikarar ein har vore vitne til dei siste åra. Eg nektar å tru at det er desse «heimlege, daglegdagse syslane» som gjer at folk ikkje søkjer seg til omsorgsyrket. Vi må berre ta innover oss at folk lever lenger, vi blir fleire og fleire eldre - og det blir færre og færre «heime» til å hjelpe til med at «folk får bu heime så lenge som råd er» - og færre og færre til å prate med! Einsemda er vel blitt det største problemet både for eldre og yngre, dessverre! Ein har «ingen å prate med», som ikkje er betalt for det - og dei har ikkje tid!

Eg likar å prate, ja! Laurdag var eg på handballkamp i Strynehallen. Eg vart sitjande i lag med eit koseleg par frå «motstandaren» sitt lag. Eg heia på Stryn, ho heia på Gloppen og han som sat i midten (frå Innvik/Olden-distriktet) han heldt seg nøytral. Vi følgde ikkje så godt med heller - vi prata for mykje! Ikkje såg vi tavla, der måla kom opp heller. For vi sat på feil side! Det vart «storsiger» til Stryn, men vi var mest like blide alle tre og tykte vi hadde hatt ei gild stund.

Eg likar å prate, ja! Heldigvis opplever eg oftast at folk vil prate med meg og. Søndag var eg på basar for alderbestemt gruppe i fotball og vart spurd om eg kunne sitje med loddboka og selgje lodd. «Ja», sa eg, «eg skal prøve». Eg pådrog meg nemleg «hekseskudd» her ein dag og var ikkje heilt i form, så eg lurte på kor det ville gå å sitje på ein hard stol ei lang stund, men kulturhuset hadde fått nye gode stolar, så det gjekk bra - heilt til eg skulle reise meg! Loddsalget gjekk strykande, mykje folk og stor stemning. Det var til tider «kø ved kassa!» Heilt til åresalget byrja! Ei lita prinsesse med rastafletter kom bort til meg. Ho fortalde kva ho heitte og ville vite kva eg heitte. Ho var nok for lita til forstå heilt kva basar er for noko, for ho var ikkje så interessert i årane. Ho ville tydelegvis heller prate med ei gammal bestemor! Fleire gonger når eg ikkje hadde «kundar», kom ho bortom og slo av ein prat. Det var mange viktige tema under «debatt». «Du, koffor har du så store øyredobbar?» «Det er for det at eg likar dei - og så har eg så store øyre!» Så såg ho at eg hadde neglelakk på fingrane: «Eg tykkjer ikkje at gutar skal ha neglelakk!» Eg var heilt einig!

Ho såg på det store kjedet eg hadde på gensaren med eit stort hjerte på - og så kom det: «Gutar skal heller ikke ha store smykke,- kanskje sånne små som eg...» - så skulle ho vise meg smykket ho hadde under gensaren - men då kom det ein som skulle kjøpe lodd - og borte var ho. Ho dansa bortover golvet til familien sin i rosa genser og lilla joggesko!

Ho likte og å prate! Nei, vi må ikkje gløyme å prate (og gje eit lite smil), vi må ta oss tid til å sjå og prate med kvarandre i kvardagen!

Anne Margrete Tonning

prateglad og skriveglad bestemor, med hekseskudd