Ope brev til Volda kommune.

«Krise i barnehagane: Dei ansatte slår alarm. Bemanninga er for lav, frustrasjonen og fråværet aukar og dei ansatte flyktar til andre jobbar.»

Slik startar ein av dei mange nyheitsakene som florerar i landet. Alt peikar mot same årsak.

Bemanninga i barnehagane landet over skrik etter hjelp, men blir utruleg nok ikkje høyrt av dei som kan gjere noko med saken. I fjor skreiv eg som SU-leiar i Hornindal barnehage eit brev til dykk i Volda Kommune angåande bemanninga i Hornindal barnehage. Dette brevet fikk eg aldri noko tilbakemelding på. No prøvar eg igjen. Fortsatt som leiar i SU. Eg vil her igjen henvise til lovverket der Barnehagelova §26 tilseier at «Bemanning i barnehagen må være tilstrekkelig til at personalet skal kunne drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd.»

Når ein høyrer korleis arbeidssituasjonen er for dei som jobbar i barnehagane må ein kunne fastslå at denne lova blir ikkje overheldt av kommunen. Uansett kva stillingsprosentane og tala på blokka skulle seie. Det er ikkje det som bør vere førande for korleis ein barnehage skal drivast. Det er dei ansatte som veit best når det gjeld å kunne ha ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd. No må vi høyre på dei!

Kjernesaka for Hornindal barnehage og dei andre barnehagane i Volda kommune er no å kunne få oppdekking av plantid på storbarn slik som det vart gjort på småbarn i 2022. Dette er eit minstekrav som barnehagen treng for å kunne halde ei drift som gjev dei ansatte tid til å kunne ta seg av dei som ein dag vil representere både landet og kommunen vår. Slik bemanninga i ein barnehage er lagt opp til i dag so er det ikkje tatt hensyn til arbeidsoppgåvene eit personale har. Det vil krevje fleire tiltak enn dette for å få ei optimal drift, men som ein har lært før so kan ein ikkje ønskje for mykje. Det at det skal vere forskjell i oppdekking av plantid for dei mellom 1-3 år og 3-6 år er uforståeleg for meg. Det krevjast like mykje planlegging både i den daglege drifta og for det store bildet på desse avdelingane. At ein skal vere 1 mindre voksen tilstade på avdeling i så mange timar i løpet av ei veke er ikkje forsvarleg. Dersom det jobbar to pedagogar i 100 % stilling på ei storbarnsavdeling, utgjer dette 8 timar plantid i veka. Dette er 8 timar der avdelinga er 1 mindre på jobb. Så kjem ytterkantane av vaktene i tillegg, pauseavvikling, avdelingsmøter, pedleiarmøter m.m. der ein også er mindre personale tilstade på avdeling med barna. Ein arbeidsdag er på 7,5 t og barnehagen er open i 9 timar kvar dag. Svært mange treng heile denne opningstida og då seier det seg sjølv at det er for lite personale til ei kvar tid i løpet av ein barnehagekvardag!

Dagens barnehagar stiller store krav til personalet sitt. Det er ikkje berre å passe på borna dei ansatte skal gjere. Det er ein grunnpilar i barnehagane, men slik som vi ser utviklinga dei siste åra er dette kun ein brøkdel av kvardagen til dei ansatte. I tillegg kjem kurs, REKOMP, ASK, SBI «se barnet innenfra», nye innloggingssystem som Vigilo, COS, svømmeopplæring (utan instruktør) med meir som skal gjennomførast. Dette skal planleggast og evaluerast gjennom avdelingsmøter og planleggingsdagar. Dei skal evaluere arbeidet sitt og konkludere med forbetringar. Ved hjelp av 4 timar plantid i veka skal månadsplanar planleggast. Avtalar skal gjerast og foreldresamtalar skal gjennomførast. Ein skal ta høgde for alle ovannemnde faglege områder og det skal tilpassast fleire aldersgrupper innan same avdeling. Ein ser altso at ein arbeidskvardag for barnehageansatte er blitt noko heilt anna enn det var før i tida. Kommunen har gjort litt for å forbetre dette, men dessverre ikkje nok.

Ein står no i ein situasjon der ein må velje mellom plantid eller å ta seg av borna på ein forsvarleg måte. Då kan det gå ut over fritida til dei ansatte, då dei må ta att den tapte plantida seinare. Med ei slik ordning so bør ein kunne forvente at timane til pedagogane vil bli oppdekka for å sikre ei god drift i barnehagane. Barnehagane står no på eit vippepunkt mellom ei bemanningskrise og sviktande oppfølging av våre born og det å motta midlar nok til å utvikle våre barnehagar til å bli ein arbeidsplass der dei ansatte kan trivast og få bruke sitt fulle potensial til det det er tiltenkt. Med eit ønske om å få understrekt det poenget eg prøvar å fremje med dette brevet, vil eg også opplyse lesarane at dei ansatte i barnehagen er blant dei med høgast sjukefråvær i landet. Ut ifrå tal NAV har utarbeida so ligger gjennomsnittleg sjukefråvær på 4,2% i landet. Her toppar barnehageansatte statistikken med heile 7% (2019). Dette tilsvara utgifter på 2,7 milliardar i året for arbeidsgivar og NAV. Når det er snakk om slike summar må ein snart kunne sjå nytta i kva tiltak som kan gjennomførast for å fremme ein sunnare kvardag for personalet i barnehagen, samtidig som tiltaka vil kunne spare både kommunen og staten pengar. Det er heilt tydeleg at disse sakene er noko som er av interesse for politikarane her til lands. Vi ser på forslaget til statsbudsjettet at noko bemanningskrise eksistera ikkje i deira auge. Når dette ikkje eingong er eit tema for stortinget so må eg spørje kva Volda kommune har gjort for å fremme denne saka? Eg håpar inderleg at dykk ser kva barnehagane i området slit med, og om det er slik at dykk ikkje kan ta dykk råd til ei forsvarleg drift av barnehagane, ja kva kan ein gjere då? «Ingenting» er ikkje riktig svar her. Høyrer frå dykk. Trygve Haugen Bøe leiar SU-Hornindal barnehage