Vald og mishandling er ein trussel mot folkehelsa. I 2019, ifølgje SSB, vart 33.000 ulike personar registrert som offer for ulike typar vald og mishandling. Ikkje alle desse sakene har ein gjerningsperson som er i stand til å betale erstatning til offeret, og dette er grunnen til at vi i Norge har ei ordning med valdsoffererstatning, på denne måten kan fleire menneske som er offer for slik kriminalitet, få ein økonomisk kompensasjon for kriminaliteten dei har vore utsett for. Det å bli utsett for vald heng saman med redusert arbeidsevne og auka førekomst av sjukdom og skade, fysisk og psykisk. Ein kompensasjon kan medføre ein lettare situasjon for offeret, på vegen vidare.

Den nye valdserstatningslova kom i kraft 1.1.2023, og med den har vi fått store endringar i retten til valdserstatning. Desse endringane er ikkje utan vidare forbetringar av situasjonen til valdsutsette, og Vestland Venstrekvinnelag er av denne grunn uroa for at situasjonen til valdsutsette ikkje er betra, men derimot er gjort vanskelegare og svakare.

Dei valdsutsatte sitt personvern vert utsett for eit stort press. Den ein hevdar er gjerningsperson, den som ein tenkjer står bak valdsutøvinga, er i den nye lova, gjort til part i saka. Det å vere part medfører at ein får krav på innsyn i saksopplysningane som skal vere grunnlaget for erstatningskravet. Med dette kan vedkommande få innsyn i opplysningar som kan vere svært personlege og sensitive for den valdsutsette, dette kan til dømes vere helsejournalar og historikk på sjukmeldingar. Opplysningane vert sendt digitalt til påstått gjerningsperson, gjennom systemet Digipost, noko som medfører tilgang til sjølve dokumentet, med risiko for vidareformidling og med det, nye overgrep.

Ein annan konsekvens av den nye valdserstatningslova er at det det færre former for vald som gjev grunnlag for erstatning, samanlikna med tidlegare lovgjeving. Kroppskrenkingar, truslar og personforfølging er døme på vald som ikkje lenger gjev grunnlag for valdserstatning. Vidare har valdsutsette også fått kortare frist enn før, på å krevje erstatning. Dette medfører ei svekkinga av den rettslege posisjonen til valdsofferet, då det er lettare enn før å overskride ein frist. Ikkje alle har tilgang på kunnskap om slike fristar heller.

Som oppsummering kan ein seie at regelverket har vorte meir komplisert, og den valdsutsette har heller ikkje lenger krav på gratis advokatbistand ved fremming av krav om valdserstatning.

Alt dette gjer at valdserstatningsordninga fungerer dårlegare enn før. Vi vil derfor at styresmaktet skal sjå på valdsoffererstatninga på nytt, med kritiske auge. Vi må dessutan få styrka personvernet til den valdsutsette, og vi må få på plass betre ordning med gratis advokat, rettshjelp er viktig.

Janne Elin Alsaker, leiar i Vestland Venstrekvinnelag

Thea Moen Flølo, leiar i Vestland unge Venstre

Åsta Årøen, leiar i Vestland Venstre og gruppeleiar for Venstre på fylkestinget i Vestland