NVE har løyvd 85 millionar og står klare til å sikre Storelva i Innvik. Proppa for oppstart er å få regulert oppstart av ny bru med større lysopning på fv 60.

Slik det no er i Innvik har NVE som faginstans sagt at det er særs høg risiko for ein øydeleggande flom i Innvik. Stryn kommune har lagt inn oppdatering av kommunale bruer i sin plan. Så langt alt vel. MEN: Fylkeskommunen ynskjer ikkje å ta kostnaden med å oppdatere ei 70 år gammal bru på fv 60. Derfor er arbeidet stoppa opp.

Vi er einige i at det er uheldig at det ikkje er klårare samhandling mellom NVE, fylkeskommune og kommune når det gjeld prioritering og kostnad.

Venstre ved Alfred Bjørlo stilte derfor kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik fylgjande skriftlege spørsmål 25.juni i år:

Vil kommunalministeren ta initiativ til å bidra til å finne ei løysing som sikrar nødvendige avklaringar mellom stat, fylkeskommune og kommune for at det blir gjennomført flaumsikring i Innvik i Stryn kommune i Vestland, i tråd med planar for flaumsikring utarbeidd av NVE?

Svaret frå Gjelsvik var at (kort oppsummert) dette ikkje var hans bord, og at han ikkje kom til å gjere noko i denne saka.

Skal vi kome i land med all flaumsikring som trengst, kan det ikkje vere økonomien til enkeltkommunar og alder på fylkeskommunale bruer som er avgjerande. Når faginstans NVE vel å bruke så mykje pengar på å sikre er ei elv som Storelva, er det fordi det er kritisk viktig å få det gjort. I dette tilfelle blir no Innvik og Innvik si befolkning del av eit politisk spel, der målet for så vidt er bra, nemleg at NVE må få midlar til å ferdigstille prosjekta sjølve.

Likevel: Storelva og Innvik si befolkning skal ikkje brukast for å presse dette gjennom. Her må Vestland fylkeskommune få ny bru inn i naudsynte planar, slik at NVE kan få starte opp arbeidet med å sikre elva og Innvik sine innbyggarar!

Åsta Årøen, 1.kandidat for Venstre til fylkestingsvalet

Torstein Tvinnereim, ordførarkandidat i Stryn og 6.plass på fylkestingsvalet