Onsdag 1. november var eg i Loen bygdehus, som tilhøyrar til eit temamøte om cruiseturismen arrangert av Kontaktutvalet for Olden og Oldedalen og Loen Utviklingslag. Det var mange andre som hadde tatt turen til Loen bygdehus, så det er tydeleg at dette er eit tema som engasjerer.

På møtet kom mange og litt ulike synspunkt på og sider ved cruiseturismen fram. Ein gjennomgangstone var eit ønskje om betre infrastruktur og fasilitetar for å kunne ta imot cruiseturistane, som til dømes når det gjeld tilgang til toalett. Eit synspunkt som òg gjekk igjen med fleire av dei som tok ordet under møtet var at det er einskilddagar i året kor det vert for mange turistar i Loen og Olden samtidig, og at dette får negative konsekvensar for innbyggjarane. Det var i det heile tatt eit særs interessant møte.

Det har lenge vore kjent at det er mykje forureining knytt til cruisetrafikk. For Raudt Stryn er denne kunnskapen heilt grunnleggjande for kva for slags politikk ein bør ha på dette feltet. Etter temamøtet i Loen er eg endå meir sikker enn eg tidlegare har vore på at det er nødvendig med ein reduksjon i cruiseturismen i Stryn. Det må komme på plass makstak for cruiseturistar per dag og veke, i tillegg til eit tak på kor mange cruiseskip som får komme til Stryn kommune i løpet av året.

Alle desse makstala bør liggje under det som har vore realitetane i år og i fjor. Det er slik Raudt Stryn ser det nødvendig å få vekk dei største toppane når det gjeld talet på cruiseturistar i løpet av ein dag, samt redusere det totale talet på cruiseturistar til Stryn per år Dette bør gjerast først og fremst av omsyn til miljøet, men òg for å få omfanget av cruiseturismen ned til eit nivå som det går an å handtere på ein god måte.

På temamøtet i Loen kom Hans Petter Galtung med eit framlegg om å innføre dei same miljøkrava i Stryn som no gjeld for verdsarvfjordane i Noreg, med tanke på kva for slags skip ein tillet å få komme hit. Dette er eit krav som Raudt Stryn er samd i og støttar.

På temamøtet vart òg ideen om ei cruiskai nr. 2 i Stryn igjen nemd som noko som ein vurderer. Dette vil slik Raudt Stryn ser det være ein særs lite hensiktsmessig bruk av pengar. Raudt Stryn kjem til å gå imot alle framlegg om oppretting av endå ei cruisekai i Stryn.

Anders Hamre Sveen

leiar av Raudt Stryn