Fylkeskommunen må verkeleg ta tak i dette problemet.

• Vi ser ein auke i mobbing dei to siste åra på VG1, etter fleire år med lågare mobbetal.

• Mobbing i VG1 har nesten dobla seg på to år, frå 2021 til 2023. Dette er ein trend i alle delar av skulen, frå 5. klasse til VG1.

• Samtidig går motivasjonen ned. Utdanningsdirektoratet meiner resultata er alvorlege.

• Høgre ynskjer eit større fokus på problemet med mobbing og motivasjon, og kjem med ei rekke forslag:

- Gjennom dialog og samarbeid sikre at kommunane har tilstrekkeleg med helsesjukepleiarane tilgjengeleg på skulane, og som eit digitalt tilbod i tillegg.

- Ha miljøkoordinatorar eller tilsvarande tilbod på kvar enkelt vidaregåande skule i Vestland.

- Auke kontakten mellom elevane og frivillige organisasjonar for å bidra til trivsel og samhold.

- At elevar med høgt dokumentert eller udokumentert fråvær skal følgast opp av skolehelse- og rådgivingsteneste.

Vi ynskjer ei oversikt over svara frå elevundersøkinga relatert til mobbing blant elevane i Vestland, og har stilt følgande spørsmål til hovudutvalet: Korleis jobbar dei vidaregåande skulane i Vestland med forebyggande arbeid relatert til mobbing?

• Eg er svært bekymra for den aukande førekomsten av mobbing på dei vidaregåande skulane i Vestland. Dette er ein urovekkande utvikling som har forverra seg over tid.

• Vi må intensivere innsatsen ved skulane, sidan dette er eit komplekst problem. Det er nødvendig med fleire helsesjukepleiarane og tilsvarande ressursar på kvar enkelt skule i Vestland. Vi må også følje opp elever med høgt fråvær tettare.

• Vi trur at den synkande motivasjonen blant elevane kan være knytta til mobbetala. Eit positivt læringsmiljø bidrar til økt trivsel, og færre elevar vil falle i frå om mobbetala går ned.

• Fylkeskommunen må verkeleg ta tak i dette problemet. Våre mobbetal er over landsgjennomsnittet, så eg forventar at fylkeskommunen skaffar oss ei grundig oversikt over situasjonen ved skulane i Vestland og får informasjon om korleis dei jobbar med forebyggande tiltak.

Tora Hodneland Kildehaug

fylkestingsrepresentant (H) og medlem av fylkesutvalet og utval for opplæring og kompetanse for Høgre