Vestland fylkeskommune kastar industrien i Nordfjord under bussen ved å ikkje sette i gang Vg2 industriteknologi i Nordfjord.

Prøveinntaket har synt at åtte elevar kunne fått plass, og tal frå Nordfjord Opplæringskontor syner at det er 50 ledige læreplassar i Nordfjord som rekrutterer frå industriteknologilinja. Det har vore brei semje både i næringslivet og i nordfjordpolitikken om at dette tilbodet må startast opp til hausten.

Med dette bakteppet er det heilt uforståeleg at fylkeskommunen vel å ikkje sette i gang denne klassa.

Dette er dramatisk for industrien i Nordfjord. Utdanning i industriteknologi fører fram til 20 ulike lærefag, og er den aller viktigaste rekrutteringskjelda til industrien i Nordfjord.

Vedtaket er eit utruleg dårleg signal til både noverande og framtidige elevar, og eg fryktar kva konsekvensar dette vil ha for søkinga framover.

Det skjer veldig mykje positivt i industrien i Nordfjord, og vi har aktørar som er leiande både nasjonalt og internasjonalt. Derfor er det så viktig at fylkeskommunen er ein medspelar, og ikkje legg hindringar i vegen for vidare vekst og utvikling slik som vi dessverre ser no.

No må fylkesutvalet få på plass naudsynte midlar slik at denne klassa kan startast opp til hausten.

Sigurd Reksnes

ordførar Stad kommune