«Dette medlem forutsetter at påbegynt planarbeid for ny tunnel RV.15 Strynefjellet blir tatt opp igjen og fullført innenfor rammen av planmidlene i kap.1320 post 30.»

Andrè N. Skjelstad (V) la inn denne merknaden i Transportkomiteen tysdag på vegne av Venstre. I praksis betyr det at Venstre er tydelege på at Statens Vegvesen skal halde fram med planlegging av ny Strynefjellstunnel.

I same møte er Frp også tydlege på at planleggingsmidlar til Strynefjellet skal prioriterast. Forslaget til Frp vil bli støtta av Venstre i Stortinget tysdag. Høgre er med på ein litt rundare merknad som også Venstre har slutta seg til der ein påpeikar at Strynefjellet var inne som eit av seks prosjekt som skulle vidareførast i planarbeidet fram mot ny NTP. Medan Arbeiderpartiet og Senterpartiet nærmast kappast om å vere like positive som regjeringspartia når dei var i opposisjon, er det heilt stilt no når dei sjølve sit i regjering…

Stryn Venstre er glad for at vi har rikspolitikarar som fylgjer opp det viktigaste samferdselsprosjektet for Stryn og Nordfjord, og håpar sjølvsagt Arbeiderpartiet og Senterpartiet også har tenkt å kome på bana og sikre vidare framdrift for Strynefjellet.

For Stryn Venstre

Torstein Tvinnereim

-Gruppeleiar-