På Stortinget kan vi dessverre ikkje vedta at alle skal ha venner. Det ville vore det mest meiningsfulle og viktige tiltaket for barn og unge si psykiske helse.

Vi kan alle kjenne oss litt åleine i periodar av året og livet. Det er normalt for dei fleste. Det som er farleg er når einsemda får feste seg. Det kan føre til alt frå depresjon og sjølvmordstankar til vedvarande dårleg sjølvbilete. Det her er alvorleg. Vi må prate meir om ensomhet og psykisk helse.

Når vi ser resultata frå Ungdata om korleis barn og unge har det i dag, så blir vi bekymra. Ensomhet er dyrt for samfunnet, men den største prisen er det ungdommane sjølv som må betale.

Nokon ting kan vi gjere politisk. Vi kan leggje til rette for fleire møteplassar, rimelegare SFO og tilgjengelege fritidsklubbar sånn at barn og unge får ein trygg plass å vere der det også er mogleg å bygge litt vennskap.

I statsbudsjettet vårt blir satsinga på psykisk helse løfta med 300 millionar kroner. Når vi i leggjaren vår fram opptrappingsplanen for psykisk helse kan dette bli eit positivt bidrag for nokre av dei som treng det mest.

Vi må støtte besøkstenestene og sørgje for at hjelpetelefonane har god nok kapasitet i dei tidene av året der einsemda blir for tung til å bere åleine.

Men sjølv om det er mykje som kan gjerast gjennom dei politiske prioriteringane, så er vi først og fremst nøydde til møte det her som menneske.

Vi som er vaksne har også eit ansvar. Det kan handle om kven som blir invitert til barnebursdagen, korleis vi stiller opp for kvarandre, eller kva rollemodell i vi vel å vere i møte med netthets og ufine kommentarar. Små grep kan få meir å seie enn det vi kan tenkje oss.

Ingen kan gjere alt for alle. Men vi kan alle gjere noko.

Vi ønskjer deg ein fin start på det nye året. Dette klarer vi saman.

Torbjørn Vereide og Øystein Mathisen

Stortingsrepresentantar Arbeiderpartiet