Då er det på’an igjen med kraftutbyggings-planer, men no med nye argument. Vi skal bygge ut elvane i Oppstryn for å få flaumsikring nedover Strynedalen. Skulle tru det var andre måtar å beskytte bygda mot flaum, men det er det kanskje ikkje?

Ordførar Kjøllesdal kom først opp med tanken, og no har han fått andre med på laget. Oddbjørn Bruland, professor ved institutt for bygg og miljøteknikk ved NTNU, har vore på kommunestyremøte her og lagt fram planer. (Fjordingen 29. nov. -22) «Professoren frå Utvik» (heretter berre kalla Professoren) syns at kombinasjonen kraftutbygging og flaumsikrig er optimal. Ein kan hindre flaum og samstundes tene pengar på det! Men han åtvarar imot å framstille prosjektet som kraftutbygging. Det kan møte motstand om det ikkje «vinklast rett» seier han. Det skal vere flaumsikring finansiert med kraftutbygging, ikkje kraftutbygging i og for seg. Det skal ikkje takast mykje vatn ut av elvane, berre flaumvatn, om eg forstår deg rett, Professor?

Javel, skal kraftverket stå mesteparten av året, berre startast opp når det blir flaum? Rustar ikkje turbinane då? Blir det lønsomt for kraft-utbyggaren det, skal tru? Dei plar elles vere veldig ivrige på å produsere. «Det er nødvendigvis ein stor kostnad knytt til utbygginga», seier Professoren, men forklarar at straumproduksjonen bør gje 328 GWh i året, til ein verdi av 70 - 80 mill. kroner årleg. Men sei korleis får du til ein fast årleg produksjon viss det berre skal produserast straum av «overskotsvatnet» ved flaum?

Kanskje best å produsere for fullt ja, i allef all i byrjinga, til anlegget er nedbetalt. Og så kan vi slutte med det? (slik som med bompengar: Når vegen er betalt ned, så legg vi ned bomstasjonane). Eg ser ikkje for meg noko privat kraftselskap som vil gå med på det. Eg tenkjer at det må bli kommunalt eigd, det kraftverket, sånn at dei folkevalde har full kontroll. Og straumen må bli gratis!

Mulig at det vart litt diskusjon i kommunestyresalen den dagen. Professoren var kanskje ikkje heilt sikker på kva han meiner sjøl. «Eg trur vi må starte der», seier han, - altså med å berre produsere straum nok til å betale kostnadane. Han og ordføraren er einige i at ein må la planen «modne».

Å la folkemeininga «møyrne» over tid, er det det de meiner? Bruke veldig mykje pengar og tid på å planlegge og skryte opp dette, medan folk blir vande til tanken? Og Strynevassdraget er verna, så det skal jobbast mykje for å få DET hinderet ut av vegen. Og pass opp for dei lokale «verne-interessene» (som både Professoren og ordføraren er litt redde).

Ja, professoren sitt føredrag tende tydelegvis entusiasme hjå somme. Arbeiderparti-politikar Halldor Hove (Fjordingen 10. feb. -23 )ser «spennande moglegheiter» og tenkjer seg ein overføringstunnel frå Lunde til Loen, som han også har teikna. Dette bør ikkje bli berre ein vanleg vass-tunnel. Det kan bli ein turistattraksjon, ei laksetrapp, veg for «småbilar», og med museum og opplevingssenter midt inne i fjellet. Det er berre fantasien som set grenser for han «på dette stadiet». Ja so bra då!

Å køyre små bilar frå Lunde til Loen blir no gøy! Men turistattraksjon - tja. Blir det spennande å gå gjennom tunnelen, skal det vere turistguidar med som kan fortelle at det renn vatn under beina våre? Hadde nok vore meir av ein sensasjon viss vatnet gjekk i ein open kanal - eller kanskje nei. Kva slags museum tenkjer du deg der, Hove? Museum for tunnelar? Det er ikkje så dumt. Eit opplevingssenter med ymse slags tunnelar frå før og no. Eg og har god fantasi; her ser for meg ein labyrint av kalde og drypande tunnelar, ei skrekk-grotte der spøkelse i form av tidlegare og noverande utbyggings-entusiastar kjem ut av mørket og ropar om kor viktig det er å BYGGE UUUUUT...

Vi har i grunn rikeleg med tunnelar her omkring, ein høyrer av og til om turistar som er leie av å vere inni tunnelar. Dei vil heller sjå Vestlandet utanfrå enn innanfrå, seier dei

Vi har i grunn rikeleg med tunnelar her omkring, ein høyrer av og til om turistar som er leie av å vere inni tunnelar. Dei vil heller sjå Vestlandet utanfrå enn innanfrå, seier dei. Men alt er lov å meine, idear er no så viktig og bra å ha. Men merkeleg nok har ikkje Hove heller nokon ide om korleis vi kan hindre flaumar på andre måtar. Han fryktar ei framtid der heile Strynedalen er blitt omdanna til parallelle elveløp som har erodert vekk matjorda og øydelagt både jordbruk og industri(!) Har du høyrt om elveforbygging, Hove?

Men her er ein større agenda: Meir straum må vi ha, slær han fast. Og viss det ikkje skal bli vasskraft, blir det vindmøller, «...eller å dimensjonere nye kabelføringar i sjøen eller via fleire monstermaster. Nokre snakkar også om atomkraft». O skrekk! Nei sjøkablar, monstermaster og/eller atomkraft i Strynedalen, det kan vel ikkje bli nødvendig, likevel, du Haldor?!

Unni Berge