I avisa Fjordingen 22.12.23 skriv redaktør Bengt Flaten om «julebodskapen som står uendra». Då rekner eg med at han meiner Juleevangeliet om Jesusbarnet som kom til jord for 2.000 år sidan for å kjøpe oss fri frå synd og sjukdom og dei negative utfordringar som eit liv på jord kan by på. Det er fint at han skriv det i ei tid då dei fleste har gløymt kvifor vi feirer jul, fordi det blir ikkje undervist i skulen lenger og media dreg det heller ikkje fram som sanning. Jula handlar om pinnekjøt og svineribbe.

Lenger nede nemner Flaten krigane i Ukraina og mellom Israel og Hamas. I Ukraina forstår vi at Putin prøver å ta tilbake landjord som han meiner tilhøyrer han og det gamle Sovjetunionen. Han gløymer at Russland framleis er det største landet i verda. Men det undrer meg mykje at Flaten sidestiller Israel og Hamas som « ikkje klarer å leve i fred og gjensidig respekt ved sidan av kvarandre». Skulle ikkje Flaten ha drive litt meir undersøkande journalistikk her? Kven er det som har drive terror igjen og igjen mot Israel sidan staten vart oppretta i 1948?

I henhold til Folkeforbundet, der Storbritannia, Italia, Frankrike og Japan hadde beslutningsmynde, så fekk jødane landet i Balfourerklæringa i 1920. Då var landområdet fem gonger større enn det dei til slutt fekk råderett over i 1948. 21 andre statar i området fekk sjølvråderett då det Ottomanske riket vart oppløyst og Norge fekk Svalbard. FN-pakta frå 1945 stadfesta i artikkel 80 at tidlegare inngåtte internasjonale avtalar var fortsatt gyldige etter opprettinga av FN.

Fem arabarstatar erklærte krig mot Israel 15. mai 1948. Den krigen varte til juni 1949. Då hadde Jordan okkupert halve Jerusalem, Judea og Samaria, kalla Vestbreidden, og Golanhøgdene. Jordan var okkupasjonsmakt i 19 år til 1967 då Israel vann landområdet sitt tilbake i seksdagarskrigen.

Venstreorienterte i dag kan ikkje gå lenger tilbake enn til 1967 når dei påstår at Israel er okkupasjonsmakt i desse områda for då blir påstandane deira feil.

Så historielause kan ein bli.

Men kven starta krigen 7. oktober 2023, då? Er det gløymd allereie? I alle fall har Flaten gløymd at intifadaen starta rundt år 2000 med mange arabarar som ofra seg sjølve på bussar, kafear og gater berre for å få drept nokre jødar. Slik held dei enno på. Difor måtte sikkerheitsgjerdet opp. Desse kalla seg Palestinerar frå 1964 (Arafat), men dei er innvandra arbeidskraft frå landa rundt.

Før 1948 hadde også jødane palestinsk pass fordi dei levde i palestinamandatet.

I 2005 vart Gaza jødereint grunna Oslo-avtalen. I 2007 vann terrororganisasjonen Hamas valget i Gaza. Dei fordreiv Abbas, Fatha, til Ramallah og Vestbreidden. På grunn av stridigheiter har dei ikkje kunne halde valg etterpå. Skaper det varig fred? Norge har pøst milliardar inn i denne terrororganisasjonen som har brukt pengane til sement for å bygge tunnelar under jorda framfor å bygge hus til innbyggjarane.

Skulebøkene, som er betalt av den norske stat, er fulle av jødehat. Arabarane (palestinarane) fekk tilbod om ein stat på Vestbreidda i 1937, 1947, 1967, 2000, 2001 og 2008. Dette takka dei nei til. Dei vil ha alt «From the river to the sea». Jødane skal utslettast.

Jødane sin kamp no er difor ein overlevelseskamp når resten av verda sviktar (inklusive journalistane).

Det toppa seg den 07.10.23 då fleire hundre terroristar drap uskuldige sivile jødar på den mest bestialske måten verda nokon gong har sett. Då dei tok med gislar tilbake til Gaza så visste dei at IDF ville kome etter. Begeret var fullt! Difor er det Hamas sitt ansvar at den palestinske befolkninga no blir offer i konflikta og at infrastrukturen blir rasert i Gaza. Om Hamas legg ned våpena så slutter krigen med ein gong. Då kan det blir fred på jord i 2024, i alle fall i julebodskapen sitt land.

Bjørg Sølvi Svidal og Jan Gudmund Skrivervik

Konservativt