Vi høyrer og les om «Heimskringla», men går vi rundt i Stryn kulturhus, der det skal vere eit rom med dette namnet, finn vi inga dør med namnet Heimskringla. Andre rom har fått namna sine på døra som fører inn til kvart rom, men døra inn til Heimskringla - for oss godt vaksne som hugsar ei tid tilbake - er no namnlaus!

Kanskje rett å repetere litt historikk for nye generasjonar?

Då Stryn kommune starta planlegginga av Stryn Samfunnshus på 1960-talet, var «gode råd dyre». Kommunekassa var vel då som no ikkje overfylt og eit spleiselag vart løysinga.

Stryn Ungdomslag hadde eige ungdomshus, Heimskringla, som sto på eiga tomt midt i sentrum. Ungdomslaget eigde kinoen med alt av kinoutstyr, som då var i «kinobrakka», i tillegg hadde ungdomslaget pengar på bok. Løysinga vart at ungdomslaget overlet ungdomshuset m/ tomt, alt kinoutstyret og, etter dåtidas pengeverdi, ein relativt stor pengesum til Stryn kommune.

Målt i dagens pengeverdi kjem vi opp i fleire millionar!

For dette fekk ungdomslaget kontraktbundne rettar i Stryn Samfunnshus. Mellom anna skulle ungdomslaget ha ein representant i styret for Samfunnshuset, og fekk eit eige rom i underetasjen med namnet «Heimskringla», i tillegg til gode leigeavtalar elles i huset.

Så brann Samfunnshuset og vi fekk Stryn Kulturhus, men rettane til ungdomslaget skulle vere dei same som dei var i Samfunnshuset.

Ungdomslaget feira 100 år med ein fullsett sal, der det var mange helsningar og gåver til jubilanten. Mellom anna fekk ungdomslaget ei fantastisk gåve av tidlegare formann Mathias Bøe. Gåva var bokstavane «H-E-I-M-S-K-R-I-N-G-L-A» som han sjøl hadde forma og laga. Ei gåve som var av umåteleg stor verdi, både som affeksjons- og historisk verdi.

Desse bokstavane vart sjølsagt festa på døra inn til Heimskringla, men no er dei som sunkne i jorda. Det er leita høgt og lågt, tilsette i kulturhuset veit ikkje kvar bokstavane har teke vegen. Det er nok skifta dør inn til rommet, men ingen veit kven og kva som er gjort med bokstavane.

Ein del av oss som har ei historie i ungdomslaget trudde vel at bokstavane var tatt vare på og ville verta festa på den nye døra ved tid og høve, men der har vi nok vore for naive.

Kan dette kome inn under begrepet «vandalisme», eller er det rett og slett vanvare? Er det å håpe at det finnast nokon som veit?

Eller må ungdomslaget be Stryn kommune om at det vert laga nye bokstavar på deira rekning?

Helsing ei litt frustrert og undrande Astri Kyrkjeeide