Oppdal og Stryn har mykje til felles. Turisme og flott natur. Landbruk og gründerverksemd. Varaordførar frå Venstre.

Vi har mykje å vere stolte av begge stadar. Så kvifor treng Stryn og Oppdal eit sterkt Venstre?

For det fyrste treng begge stadar politikarar som ynskjer å ta vare på den flotte naturen. Som vil legge til rette for ferdsel og turisme utan at ein bygger ned meir enn naudsynt. Politikarar som er villige til å ta vare på natur for å gje lokalbefolkninga gode opplevingar. Som er villige til å gje neste generasjon dei moglegheitene vi har hatt. Som aller mest ser at naturen har ein eigenverdi som vi ikkje skal øydelegge.

Kommunane våre treng politikarar som er opptatt av å gje barna våre best moglege skular og barnehagar, med motiverte lærarar og gode rammer for leik og læring. Som ser verdien av eit sterkt kulturliv. Som ynskjer å legge til rette for at frivilligheita har gode vilkår og kan utvikle seg vidare i det enormt viktige arbeidet som blir gjort av lag og organisasjonar i bygdene våre.

Små og store bedrifter treng å kunne spele på lag med kommunen sin. Venstre er partiet for gründerar, små og mellomstore bedrifter. Stryn og Oppdal har ei mengd spanande bedrifter som treng gode vilkår for å kunne halde fram og gje bygdene våre viktige jobbar. Vi har eit landbruk som står midt  i ei omstilling. Det trengs politikarar som ser dette og som legg til rette for bedrifter som ynskjer å utvikle seg vidare i tråd med det grøne skiftet.

Torstein Tvinnereim,

leiar ordførarnettverket til Venstre og ordførarkandidat i Stryn

Elisabeth Hals,

nestleiar ordførarnettverket til Venstre og ordførarkandidat i Oppdal