Sist veke var eg delegat på KS (kommunesektorens organisasjon) sitt Landsting i Trondheim der vi foreslo og vedtok dagsaktuelle tema og politiske prioriteringar for kommunesektoren for perioden 2024-2027.

I ein av uttalane utfordrar kommunesektoren staten til å styrke samarbeidet om å gje barn og unge gode, samanhengande offentlege tenester. Vidare i uttalesen står der at alle må bli inkludert i utdanning, arbeids- og samfunnsliv.

Vi går inn i ei tid der det vil bli færre i yrkesaktiv alder, samtidig som dobbelt så mange eldre over 80 år vil ha aukande behov for helse- og omsorgstenester. Helsepersonellkommisjonen understrekte at vi ikkje kan bemanne oss ut av mangelen på arbeidskraft. Samfunnet må møte denne utfordringa med ulike typar tiltak. Eitt av dei er å inkludere alle i utdanning og arbeidsliv. Det inneber aktivt arbeid for å motvirke ungt utanforskap.

I 2022 var 6,8 prosent av befolkninga mellom 15-29 år verken i utdanning, arbeid eller opplæring. Andelen er ganske stabil, men opplevast som ei aukande utfordring i mange kommunar, og må ned.

I Norge er helseproblema, særleg med psykisk helse, ei viktig årsak til ungt utanforskap. Utanforskap rammer først og fremst dei unge sjølv og deira familiar. Samtidig mister samfunnet kompetanse og arbeidskraft, og får kostnader til helsetenester, sosiale ytelsar og i verste fall kriminalitet. Utfordringane med kriminalitet blant barn og unge aukar i fleire kommunar, særleg i områder med store levekårsutfordringar. Tilstrekkelege politiressursar og tett samarbeid mellom lokale og sentrale myndigheiter er viktig for å forebygge kriminalitet og fange opp unge som står i fare for å bli rekruttert til kriminelle miljø.

Når så mange barn og unge fell utanfor, har ikkje stat og kommunar lykkast i å gi dei eit godt nok tenestetilbod. KS’ Landsting utfordrar staten og kommunesektoren til å forsterke samarbeidet som pågår om dette. Regjeringa bør samordne nasjonale verkemidlar, for å bidra til at barn og unge får eit meir heilhetlege tilbod på tvers av sektorar.

Kommunesektoren vil arbeide for å vidareutvikle gode og samordna tenester til barn og unge, og vil styrke den førebyggjande innsatsen mot utanforskap. Gjennom KS-prosjektet «Inn i jobb» arbeider kommunar for å inkludere unge utanfor arbeidslivet til jobbar i kommunen. I kommunesektoren finst det fleire liknande lokale og regionale prosjekt. Kommunar samarbeider med næringslivet og med eigne arbeidsinkluderingsbedrifter for å motverke utanforskap og hjelpe unge inn i utdanning og jobb.

Det er viktig at kommunane har nok ressursar til dette viktige arbeidet.

KS’ Landsting meiner det er svært positivt at Arbeids- og inkluderingsdepartementet no har gitt kommunar dei same moglegheitene som staten til å gjere unntak frå kvalifikasjonsprinsippet, slik at personar utanfor arbeid og utdanning kan hjelpast inn i arbeidslivet.

KS’ Landsting meiner det er positivt at regjeringa har innført ei forsøksordning knytt til tillitsreforma, men den er basert på dagens forsøkslov og gir kommunane for lite handlingsrom.

KS’Landsting meiner regjeringa må endre det juridiske grunnlaget for forsøk, slik at kommunane får rom til å prøve ut nye og innovative løysingar, blant anna i organiseringa av tenestene til barn og unge.

Sonja Øvre-Flo

fungerande ordførar i Stryn og styremedlem i KS Vestland