Venstre foreslår i sitt alternative statsbudsjett 1 milliard ekstra til opprusting av fylkesvegar.

No må alle klutar setjast inn på å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane. Det hastar med å få ein standard på vegnettet i distrikta som gjer det trygt og enkelt å ferdast i kvardagen. Difor foreslår Venstre no eit milliardløft for fylkesvegane.

Det er uforståeleg og heilt feil prioritering at regjeringa vil bruke milliardbeløp på å splitte opp fylke og kommunar og å kutte prisane på ferjer, samtidig som fylkesvegnettet forfell og mange stader er livsfarleg å ferdast på. Politikk er å prioritere. Venstre vil heller bruke pengane på tryggare vegar i distrikta enn reversering av gamle fylke, kommunar og lensmannskontor.

Venstre foreslår i sitt alternative statsbudsjett også 100 millionar kroner meir til breiband i distrikta, kutt i formuesskatten for distrikts-næringslivet og går mot regjeringa sitt forslag om å legge ned dei regionale forskingsfonda, som er særleg viktige i distrikts-Noreg.

Å legge betre til rette for framtidas næringsliv med eit sterkt lokalt eigarskap, er avgjerande for at fleire skal velje å bu og leve i distrikta. Ei regjering som skattar i hel distrikts-næringslivet, er inga regjering som er bra for distrikts-Noreg.

Alfred Bjørlo

stortingsrepresentant for Venstre