I Stryn er det tydeleg at Senterpartiet prioriterer veg. Fylkesvegane er kvardagsvegane våre og vestlandvegar må tåle mykje. Dei må tåle store mengder regn, vatn, fonner og frost. Dei må tåle store mengder turistbussar og tungtransport. Dei skal frakte små born til skulen året rundt, og meg og deg dit vi treng å vere. For ikkje å gløyme kor viktig det er for næringslivet. Veg er rett og slett heilt grunnleggande infrastruktur.

Senterpartiet stod i bresjen for ein halv milliard ekstra til eit praktisk vegvedlikehald slik at vi kan redusere vedlikehaldsetterslepet. I staden for store, dyre prestisjeprosjekt, tenkjer vi mest mogeleg veg for pengane. Det er desse midlande som mellom anna har asfaltert Tistamvegen, og gjeve nye møteplassar og utbetra eksisterande. Det er same potten som også skal gjere det mogleg å køyre med høgare trailarar i Stavenestunnelen og Tyvanestunnelen, og samstundes halde sida si.

Ei ekstraløyving på 22 millionar på fylkestinget i juni, har også blitt til nytt asfaltdekke mellom anna på Hjelle.

Det siste året har fylkeskommunen bygd tunnel både til Flo og Blakset, og vi har starta opp arbeidet på Solvik-Loen. Sjølv om det er mykje som har skjedd på fylkesvegfronten det siste året, er det mykje som gjenstår. Vestland Senterparti vil fortsette å jobbe for fylkesvegane våre. Vi såg berre kor stort behovet er for gangveg frå crusiekaia i Olden og inn til sentrum. Her er det behov for senterpartistar som kjempar for meir veg for pengane.

Aleksander Øren Heen

2. kandidat til fylkestinget for Vestland Senterparti