Forrige helg var eg på Treskifestival på Stryn Vinterski (altfor få deltakarar på lengderennet - etter mitt syn).

Det var klassar både for barn og vaksne, kvinner og menn. Dei som deltok, såg imidlertid ut til å ha det moro, - så mange blide, glade og spente deltakarar: Små, unge - og «eldre ungdom». Fantasifulle antrekk og utstyr i alle variantar.

Gleda ved å delta og gjennomføre var stor! Alle kunne delta, og det kosta ingenting. Alle barna fekk gullmedalje ved målgong - i tillegg kunne dei også vinne på startnummer! Takka vere positivt lokalt næringsliv. Dei vaksne konkurrerte på tid, antrekk og utstyr, som sjølvsagt måtte vere treski og helst stavar med bambustrinse! Og publikum var med!

Ikkje alle «supportarane» deltok i rennet, men deltok på «after treski» og premieutdeling i fargerike skidressar, heimestrikka «OL-gensar» frå 30 år tilbake og vadmelknickers. Mykje kjekk ungdom i alle aldrar; eg råka faktisk bort i fleire «menningar»! Stor stemning!

Ein skulle mest tru ein var i Mellom-Europa på VM i skiskyting! Då eg gjekk etter premieutdelinga, sa eg i forbifarten til ein godt vaksen herremann som eg kjenner, (ikkje på langt nær så gammal som eg): «No går de gamle hjem!»

«Seie du det, ja, då blir det berre du og eg som blir att då», svara han. Ein må ikkje ta seg sjølv for høgtideleg!

Eg sat ei lita stund heilt åleine ved eit bord nede i kafeteriaen den dagen. Eg skulle skrive noko, så eg måtte ha ein bord-ende å legge papiret på. Det kom ein oslofamilie - far med tre kjekke barn (mor skulle kjøpe vafler og kakao ved disken) og spurde om dei kunne få sitje på bord i lag med meg. Sjølvsagt! Den vesle frøkena spurde om eg kjende mormora hennar som bur her i Stryn. Det gjorde eg! «Mamma, mamma hun kjenner mormor!» Det er vel ikkje sjølvsagt i Oslo «at alle kjenner alle»!

Dei var så pratande, interesserte og «inkluderande», såg ikkje på telefonane sine ein einaste gong! Då dei gjekk for å renne meir på ski og sa takk for praten, sa eg: «Takk for at de spurde om å få sitje med meg! Nordmenn flest set seg jo ikkje ned ved eit bord der det sit nokon frå før». (Du kan jo risikere å bli kjent med dei!) Då kom det frå eldste guten: «Var det ingen som ville sitte med deg, då?»

Like etter kom det ein sunnmørsfamilie frå hyttefeltet og såg etter bord, men då var eg snar å seie: «De kan berre setje dåkke her hvis de vil, eg skal snart gå». Dei takka, sette seg og vi fekk ein fin prat! Dei ville sitje med meg!

Eg kom så på dette då eg las det gode innlegget i Fjordingen nyleg som Ann Iren Ulvedal hadde halde i eit møte om «utenforskap» som ho meiner startar allereie i barnehagen, dette har ingenting med «treffa» på skisenteret å gjere. Men eg trur at dersom vi som foreldre og vaksne er litt opnare, torer litt meir, og byr meir på oss sjølve, ville vi fått eit meir inkluderande samfunn og mindre utanforskap, for eg må seie at eg synest det er forferdeleg trist at så mange unge slit og vel å ta livet sitt. Eg trur nemleg at Ann Iren Ulvedal har mykje rett i det ho sa.

Dette gjeld også innan lagidretten - det heiter så fint - «alle skal med», men det gjeld også om å vinne ,vere best, vere populær! Ikkje alle kan vere Tarjei og Johannes, men jammen har dei trena målbevisst og ikkje gjeve opp! Ikkje alle kan likevel bli verdensmeistrar og OL-vinnarar! Gratulerer til Bøfamilien!

No sit eg og ser på Vasaloppet i Sverige på TV. Om «alle» er med der, veit eg ikkje, men der er i alle fall mange startande (og lite med treski). Vi har vore i Mora fleire gonger, men ikkje på Vasaloppet! Vi har sett og teke bilde under «Byporten». Sist vi var der, var vi i lag med eitt par gode vener, det er nokre år sidan no og vi overnatta i Mora på veg til Karlstad. På føremiddagen gjekk vi ein tur på byen. Vi damene gjekk på Rea, medan karane sette seg på ein benk. Då vi møttest igjen for avreise, kunne Kolbein, som den inkulderande personen han er, som snakkar med alle, fortelje at han snakka med ein eldre kar «bort i gata» som hadde vore postbod hos sjølvaste Mora Nisse! Den store «kjendisen» i Mora. Verden er ikkje stor! God helg!

Anne Margrete Tonning

(oppvaksen på gard i Oldedalen, aldri gått i barnehage, var åleine jente på årstrinnet, vart vald med på laget i «Slåball» i friminutta fordi læraren alltid valde lag. Eg var ingen sprinter, dårleg å kaste ball, men eg var seig og uthaldande! Med andre ord -ikkje førsteval!)