I Vikane står vi midt i ein diskusjon om oppgraderingar av barnehagen i Utvik, utan noko utgreiing om andre alternativ. Vi vil oppfordre kommunepolitikarane til å ha ein meir framtidsretta visjon når dei vurderer saka.

I første omgong bør ein syte for at barnehagen sin viktigaste ressurs, dei som jobbar der, blir tekne på alvor. Dei tilsette har gjennom SU sagt at dei er misfornøgd med dagens situasjon, at dei blir utsett for høg belastning knytt til bygget, og at dei vil ha noko nytt.

Dei tilsette og borna treng grunnleggande ting som trafikktryggleik, universell utforming, gode arbeidsforhold og langsiktigheit. Alt dette er utfordrande med dagens løysing. Det er allereie mangel på pedagogar, og ein risikerer problem med rekruttering om ein ikkje tek grep.

Samstundes er det slik at ein ved å planlaust pusse opp ein over 100 år gamal skule, gjer det som ekspertane åtvarar mot: Å bruke meir pengar enn nødvendig på ein gamaldags barnehage-struktur som ikkje har tatt innover seg at vi får færre born, og blir fleire eldre. Korleis vil barnehagesituasjonen i Vikane sjå ut om 10 år, og kor mykje pengar har ein ikkje då brukt på oppgraderingar og reparasjon av ein barnehage som aldri vil bli egna, og som risikerer å bli lagt ned?

Det å vedta å bygge ein ny vognstall før alle tilsyn er gjennomført, verkar som ei forhasta beslutning. Her må ein skille mellom lovpålagde tiltak for å sikre trygg drift, og ein vognstall som blir å sjå på som ei investering. Arbeidstilsynet har varsla tilsyn i april, og i den nye godkjenninga av barnehagen, datert 14. mars, står det mellom anna at asfalten på sikt må bytast. Bør ein ikkje få oversikt over desse og andre utgifter før ein investerer i ein ikkje-påkrevd vognstall? Det verkar som korttenkt brannsløkking å begi seg ut på ei oppgradering når ein ikkje kjenner dei totale kostnadane på sikt, og ein heller ikkje veit prislappen på alternativet.

Vi skjønar at for Tistam og Utvik vil det å potensielt miste ein lokal barnehage vere eit tap med fleire negative ringverknader for bygdene. Samstundes meiner vi stemma til dei tilsette, og det langsiktige, samfunnsmessige og økonomiske perspektivet bør vege tyngre.

Vi håpar kommunepolitikarane tek seg tid til å tenkje framtidsretta i denne saka. Dei må ha ein plan som på lang sikt gir gode løysingar for Innvik, Utvik, Tistam og samla sett for heile Stryn Kommune.

Mona Presthus og Synnøve Heggdal