Det er mykje bra i forslaget til ny opplæringslov. Mykje kjenner vi att frå arbeidet Venstre og Guri Melby starta då ho var statsråd i førre regjering. Når det gjeld forslaget om opplæringskontora er det lov å rope eit kraftig varsku. Eg siterer under forslaget:

Opplæringskontora får i dag lærlingtilskot. Partane avgjer sjølve korleis dette blir fordelt. Det er stor variasjon i kor stor del av lærlingtilskotet opplæringskontora beheld sjølve, og kor mykje som går til lærebedriftene. Nokre opplæringskontor utbetaler heile lærlingtilskotet og har andre inntekter til å dekkje eiga drift, medan andre beheld delar av eller heile lærlingtilskotet. Forslaget inneber at opplæringskontor blir regulert som samarbeidsorgan for lærebedrifter og ikkje som lærebedrift. Opplæringskontora vil derfor ikkje få lærlingtilskot direkte frå fylkeskommunen, men godkjende lærebedrifter kan kjøpe ulike former for bistand og administrative tenester frå opplæringskontor, så lenge dette ikkje er i strid med lova. Forslaget endrar ikkje dei samla utgiftene fylkeskommunane har knytt til dei som har læretid i bedrift, men snur pengestraumen slik at han først tilkjem lærebedriftene og deretter eventuelt opplæringskontora.

Forsking viser at opplæringskontora fungerer. At, sjølv om det er store variasjonar, er viktig å ha opplæringskontor som lærlingar og lærekandidatar kan høyre til i eit opplæringskontor. Skulle det bli problem i bedrifta, vil då opplæringskontoret gå inn og finne løysing i bedrifta, finne ny lærebedrift eller gje lærlingen råd om ei ny utdanning. Det er ikkje noko galt i å setje større krav til opplæringskontor. Nordfjord Opplæringskontor har vist at tett oppfylging både på jobb og i fritid er viktig for at lærlingen skal lukkast. Sjølv om det er variasjonar i kva opplæringskontora tilbyr: Det er mange års opparbeidd fagkunnskap som no gjer at lærlingar og lærekandidatar kjem seg ut i bedrifter. Nordfjord er eit godt døme på kva som skjer når konkurransen mellom opplæringskontora blir sterkare. Då blir også tilbodet betre, fleire bedrifter blir lærebedrifter og det har gått i frå mangel på lærebedrifter til mangel på læreplassar. Fokuset forslaget til opplæringslov vil gje, vil også fort føre til fleire avbrot, mindre vaksenopplæring i bedrift og færre opplegg for lærlingane på fritida. (Hugs når ein lærling på 18 år kjem inn i ei bedrift kan hen fort vere den einaste under 50 på arbeidsplassen) Opplæringskontora er også viktige i samhandlinga mellom skule og næringsliv i rekrutteringsprosessen. På denne måten sikrar ein at flest mogleg får læreplass etter at dei er ferdige på vidaregåande. Når no regjeringa vil snu pengestraumen, vil det vere vanskelegare for opplæringskontora å ruste seg for oppgåvene. Formidlinga av lærlingar vil bli vanskelegare og eg er redd resultatet blir mindre folk i opplæringskontora og langt fleire byråkratar som skal jobbe med dette på fylkeshuset. I dag nyttar 80% av bedrifter og kommunar seg av av opplæringskontor. Det i seg sjølv burde borge for at ein bør bygge vidare på eksisterande modell.

Så: Det er mykje som treng gjerast for å forbetre den praktiske utdanninga frå fyrste klasse på barneskulen til fagbrev er teke, men dette er ikkje vegen å gå!

Torstein Tvinnereim (V)