Ifølge NAVs bedriftsundersøkelse er det stor mangel på sjukepleiarar og helsefagarbeidarar i Norge, og i Stryn kommune er det intet unntak. Ved Stryn omsorgssenter står det per i dag mange ubesatte stillingar, og i fjor brukte Stryn kommune rundt 8 millionar på vikarbyrå for å sikre nødvendig kompetanse til omsorgssenteret.

Frp meiner at det må settast søkelys på rett kompetanse på rett plass. I dag blir helsepersonell brukt til svært mange ikkje-pasientretta oppgåver som vi meiner heller burde blitt utført av ufaglærte assistentar. Kvar dag brukar helsepersonell ved Stryn omsorgssenter fleire timar ved kvar avdeling på ikkje-pasientretta arbeid. Alle avdelingane har eige kjøkken, og her har helsepersonell ansvar for av-/pådekking, servering av mat og oppvask på alle vakter.

Også alt av skylleromsarbeid som vasking av flasker, bekken og vaskefat, samt vasking av alt privat tøy til pasientane er oppgåver helsepersonell må utføre i løpet av ei vakt. I tillegg kjem oppgåver som å gå ned med boss og papp frå avdelingane, ansvar for å sette på plass alle varer på lageret, hente og legge på plass tøy som kjem frå vaskeriet og tørke støv på pasientromma. Alle desse ikkje-pasientretta oppgåvene går på bekostning av tid med pasientane og oppfølging.

Når helsepersonell er mangelvare treng ein sårt deira verdifulle kompetanse i direkte arbeid med pasientar. Frp meiner at i ei tid med for få helsefagarbeidarar og sjukepleiarar må ein vere kritisk til korleis desse yrkesgruppene blir brukte. Frp meiner at helsepersonell må frigjerast frå oppgåver som nevnt over og at det må tilsettast servicemedarbeidarar som kan utføre desse oppgåvene ved Stryn omsorgssenter. Då kan helsepersonell bruke sin kompetanse der det er nødvendig, og slik kan ein som kommune levere betre lovpålagte tenester til pasientane.

Stryn kommune og Stryn omsorgssenter er i konkurranse om arbeidskraft både med nabokommunane og bedrifter innad i kommunen. Det er difor viktig å vere attraktive og konkurransedyktige. Nyleg var det lyst ut ledig stilling som bedriftssjukepleiar i Bedriftshelsetenesta. 23 søkte. Samstundes søkte Stryn omsorgssenter etter sjukepleiar i 100% fast stilling. det var 0 søkarar. Dette illustrerer at rekruttering er vanskeleg og at omsorgssenteret har stor konkurranse om arbeidskraft. Det er viktig å stille seg spørsmålet om kvifor så få søker seg til omsorgssenteret og kva ein kan gjere for å endre det. Frp meiner at eit steg i rett retning er å ha fokus på rett kompetanse på rett plass. Dette meiner vi kan vere viktig for å vere attraktive på arbeidsmarknaden og for å vise respekt overfor kompetansen til helsefagarbeidarar og sjukepleiarar.

Å mangle helsepersonell er også dyrt fordi det fører til forskyving og overtid på dei som er til stades. Både fordi ein treng kompetanse, men også fordi ein treng hender til å kome rundt med alle daglege gjeremål. Men ikkje minst, så fører mangel på personell til stor ekstrabelastning på dei tilsette, noko som i verste fall resulterer i eigenmelding og sjukmelding. Det blir ein ond spiral å mangle personell. Ved å tilsette servicemedarbeidarar kan ein ved fråvær av personale på avdelingane spare innleige av vikarar og i beste fall hindre bruk av overtid. Dette fordi servicemedarbeidarar kan utføre dei ikkje-pasientretta oppgåvene og slik frigjere tida til dei tilsette ved avdelingane og gi dei betre tid til direkte pasientarbeid.

Vi går ei tid i møte der mangelen på helsepersonell vil kunne auke ytterigare. Det er difor svært viktig at vi bruker helsepersonell rett. Ved å tilsette servicemedarbeidarar kan helsepersonell bruke tid og kompetanse på pasientretta arbeid. Vi kan ikkje forvente at folk skal ta fagbrev og høgare utdanning for så å måtte bruke store delar av arbeidsdagen sin i oppvasken på kjøkkenet eller på eit skyllerom. For å sette det på spissen kan vi ikkje klage på mangel på helsepersonell når vi brukar dei til å vaske opp, tørke støv og vaske kle!

Vegard Bjørlykke

For Stryn Frp