Yrkesfaget Handverk, design og produktutvikling (HDP) og det studieførebuande programfaget Kunst, design og arkitektur (KDA) har i fleire år blitt redusert og er i dag blant dei aller minste fagområda som vert tilbydd, med til saman 556 plassar (HDP 56, KDA 500) i 2023 i heile Vestland.

Det vert no føreslått å redusere det ytterlegare, til 300 plassar i 2035 (HDP 30, KDA 270). §5-3 i ny opplæringslov gjeldande frå 01.08.24 står det at «Fylkeskommunen skal i planlegginga av det vidaregåande opplæringstilbodet legge stor vekt på kva kompetanse samfunnet treng». Dette bør vere førande også for Vestland fylkeskommune når ein skal omstrukturere tilbodet.

Kva kompetanse har vi behov for? Idrettsfag er eitt av få fag ein føreslår å auke tal plassar fram mot 2035 (Høyringsforslag til heilskapleg tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune, s.16). Ein bør då spørje seg om kva samfunnet faktisk har behov for. Er det idrettsutøvarar og gymlærarar vi treng?

Vi må sikre at både næringsliv og offentleg sektor får kompetanse som sikrar omstilling, innovasjon og berekraft. I framtida vil vi trenge fleire som kan reparere det vi allereie eig og som kan tenke kreativt og finne løysingar gjennom gjenvinning og ombruk av eksisterande materiale. I kunnskapsgrunnlaget til Grønn strategi for Bergen reknar ein at potensiale for auka sysselsetting innan reparasjonsnæringa i Bergen i 2030, er estimert til 5 prosent av sysselsette i næringane industri og varehandel i Bergen i dag (Kunnskapsgrunnlag til Grønn strategi -Klimastrategi for Bergen 2022-2030, s.79).

Kva er eigentleg «dei kreative faga»? Døme på handverksyrkene ein kan utdanne seg gjennom HDP er: skomakar, herreskreddar og kjole- og draktsyar, møbeltapetserar, urmakar og møbelsnekkar. Nettopp desse yrka er viktige for å få noko reparert, og det er denne yrkesgruppa som har fagkompetansen til å bygge opp «reparatørsamfunnet».

I læreplanen for faget design og arkitektur står det blant anna at faget skal førebu elevane på eit samfunn og arbeidsliv som stiller krav om innovative og berekraftige løysingar innanfor design og arkitektur. Når ein veit at over 80% av den samla miljøpåverknaden til eit produkt vert bestemt allereie i designfasen er det særs viktig at ein har godt utdanna personar som kan vere med på å påverke og minske miljøpåverknaden i nye produkt.

Ein interiørkonsulent med god kunnskap om berekraftige materiale vil sjå moglegheitene ein har med ombruk i eksisterande bygg, og difor vere ein viktig bidragsytar inn i det berekraftige og sirkulære skiftet. For å ta denne utdanninga, er ein nøydd til å gå vg1 Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign, så vidare til vg2 Interiør og eksponeringsdesign og til slutt vg3 Interiør. Også desse faga er føreslått redusert frå 225 plassar skuleåret 24/25, til 180 plassar i 2035.

Kreative fag som tilbod for teorisvake elevar? Fylkesdirektøren føreslår å kutte faget kunst, design og arkitektur (KDA) på skular som Fusa, Voss Gymnas og Førde vidaregåande skule, men opnar opp for å tilby ungdomane faga i studiespesialisering. Dette kan i utganspunktet høyrest ut som ei rimeleg løysing, slik at ungdomane iallfall kan velje å ha nokon «kreative fag». Likevel kan det mest tyde på at fylkesdirektøren meiner at desse faga først og fremst skal vere ei form for avlastning frå teorifaga, slik at elevane kjem seg gjennom studiespesialisering på ein minneleg måte.

Desse faga har ein eigenverdi i seg sjølv som er mykje større enn kunst, kreativitet og estetikk. Det skal ikkje berre vere eit tilbod til elevar som slit med å følje teoritunge fagretningar eller ønskjer kreativ sjølvrealisering. Desse faga har ein reell relevans for framtida, og om ein ser på yrkesmoglegheitene dei gjev, kan ein sjå at det er nettopp desse faga som vil vere gjeldande i tida framover.

Få søkarar fører til redusert tilbod. Argumentet for å redusere tal plassar i programfaget HDP er at det er få søkarar fordi det er vanskeleg å finne læreplassar etter avslutta skulegang. «[…] dette er nye utdanningsprogram utan tradisjonar i arbeidslivet for å ta inn lærlingar. Dette gjeld mellom anna handverk, design og produktutvikling […].» (Vedlegg til høyringsforslag, s.9). Ein erkjenner at det har vore vanskeleg å skaffe nok læreplassar til nettopp denne gruppa, likevel har det vore ei dobling av overgangar etter vg2 i nettopp dette faget, frå 20% i 2022 til 40% i 2023. Kvifor vel ein då å redusere tilbodet, når ein tydeleg kan sjå at ein på rett veg?

Eit variert opplærings- og linjetilbod nær der dei bur? Ein lese i prinsippa for tilbodsstrukturen (vedteke 04.01.2024) at Vestland blant anna skal

-sikre mange elevar moglegheita til å gå på ein skule nær der dei bur

-elevane skal ha tilgang til eit variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde

-fremje inkludering og mangfald blant elevane ved skulane

-i størst mogleg grad dimensjonerast etter arbeidslivet sitt behov for kompetanse både no og i framtida

Det er vanskeleg å sjå at Fylkesdirektøren har brukt desse prinsippa som grunnlag for omstruktureringa. I framlegget er det føreslått at omtrent alle klassane i dei «kreative faga» skal leggast til Årstad vidaregåande skule, i Bergen sentrum. Sentralisering av dei «kreative faga» i så stor grad som det er føreslått, vil føre til at færre ungdomar får eit variert tilbod nær heimen og mangfaldet blant elevar forsvinn, og skulane endar opp som spesialiserte og einsformige. Ein har heller ikkje sett langt nok fram i tid på kva moglegheiter ungdomane har i arbeidslivet. Vestland Fylkeskommune har all moglegheit til å styre tilbodet mot dei fagområda ein ynskjer at våre elevar skal ta, slik som ein gjer med t.d. helse- og oppvekstfaget. Vestland fylke bør bruke denne moglegheita også innan dei berekraftige, «kreative faga».

Magnhild Runde

prosjektleiar Norges Husflidslag