Onsdag 3. april leverte rektor ein nedslåande beskjed til musikk-, dans- og dramaelevane ved skulen vår, Firda vgs. Kvelden før, tysdag 2. april, kom forslaget frå fylkesdirektøren i Vestland om at VG1 dans og drama som skal starte på Firda vgs no til hausten ikkje får starte likevel. Lave søkjartal er grunninga til fylkesdirektøren, der prognosane ligg på seks søkjarar til drama og ni til dans. Til saman 15 ut av 30 plassar på dans og drama. Det dukka fort opp spørsmål om kvifor dette skjer, og kva som skjer med firdamusikalane og Musikk, dans og drama-faget.

Eg sit att med to spørsmål som rektor ikkje kan svare meg på: Kor lite verdi ser eigentleg fylkesdirektøren i distriktsvestlands einaste utdanningstilbod for dans og drama? Arbeider fylkeskommunen eigentleg for alle innbyggjarar i Vestland som dei so stolt hevdar at dei gjer?

Dansemiljøet i Vestland har betydd mykje for meg. Å vere elev og danseinstruktør hos Dans Utan Grenser (DUG) var avgjerande for oppveksten min og danseengasjementet. Eg har funne min plass og har kunne utvikla meg mykje. Gjennom DUG får ein eit stort og støttande nettverk, noko eg ikkje hadde på skulen eller på dei andre fritidsaktivitetane. Å velje danselinja på vidaregåande var eit naturleg steg for meg, etter motivasjon frå fleire andre frå DUG. Eg skjønte fort at linja passar for mange, ikkje berre dei som vil fortsette med dans etter vgs. Det er plass for dei som er både lidenskaplege om faga, slit med å møte opp til teoristerke dagar og dei som berre treng nokon å vere med.

I klassa mi er det fem som går dans og ni som går drama. Nesten alle må bu på hybel på Sandane og trivst. Eg kan personleg bekrefte at ryktet om eit unikt godt miljø på Firda vgs og Sandane er sann. Og aktivitetane er mange. Me set opp teaterstykke og danseførestillingar kvart år, og turnerer på ungdomsskular i distrikta. Klassa mi hadde nyleg ein tur til London for å inspirere og oppleve vala me kan ta etter vidaregåande. Når me om under tre månadar går ut av vår kjære Firda vgs og ut i verda, har me mykje me kan velje mellom. Vel du dans eller drama, ja då får du generell studiekompetanse og kan søkje nesten kva som helst på høgare utdanningar. Endå betre; du får betre grunnlag til å utdanne deg innafor desse estetiske fagfelta.

Dei siste åra har fleire frå MDD-lina utmerka seg i høgare utdanning for dans og drama. Å vedta forslaget til fylkesdirektøren er å ta ifrå potensielt komande dans- og dramaelevar viktige og gode utdanningsval.

For me som snart er ferdige med dans og drama på Firda vgs er ikkje trusselen stor. Det er dei som har søkt dans og drama til hausten det rammar først. Vedtek politikarane forslaget om å ikkje starte opp ny dans- og drama-klasse til hausten, er det stor fare for at det same vil skje dei neste åra. Denne dominoeffekten som vil kome, fører til at danse- og teaterglade ungdommar dei neste åra ikkje vil ha nokon realistiske tilbod i Sogn og Fjordane.

Firda har også fått oppfordring til å reklamere meir for linjene sine, men det er ikkje berre skulen sitt ansvar. Korleis skal ein kunne reklamere når ein ikkje har ein elevklasse å vise fram? Det går ikkje an å oppfordre til meir reklamering når ein tek vekk moglegheitene for reklamering. Her treng skulen heller støtte, enn urealistiske oppfordringar.

Det er eit poeng i at det er få søkjarar. Det er ressursar ein må bruka på halve klassar. Men det er dramatisk å hindra oppstart av ny klasse grunna årets lave søkjartal. I 2023 gjekk ein fulltalig dans- og dramaklasse ut av Firda vgs. Ein kan ikkje berre tenka statistikk når det kjem til Musikk, dans og drama.

Det her er den absolutt einaste dans- og dramalinja i Vestland ein kan søkja på utanfor Bergen. Eg skjønar òg at satsinga på yrkesfag er viktig, men ein skal vere forsiktig når andre sjeldne, men viktige linjer får konsekvensane. Det er ikkje verd å ta vekk for litt færre søkjarar. Då flyttar ein søkjarane til andre linjer dei i utgangspunktet ikkje har lyst til å gå, for det vil bli vanskeleg å kome seg inn i Bergen. Det er sentralisering, og det reagerer eg kraftig på.

Det er ikkje vanskeleg å forstå at dans og drama på Firda vgs må få bli. Signalet frå fylkesdirektøren er skremmande og ein vert litt paff av at ein må kjempa for retten til vidaregåande opplæring i estetiske fag utafor Bergen. Vestland fylkeskommune skal arbeide for alle innbyggjarar i Vestland. Eg ber difor politikarane som 18. april skal stemme over forslaget om å lytte grundig til oss. Følg med, for det er mange av oss som protesterer mot forslaget: Tidlegare elevar, lærarar, noverande elevar, danse- og teaterorganisasjonar og lista fortsett. Lytt til oss, for me er mange.

Inga Sægrov Binningsbø