No er det fylkesveg 60 sin tur. Når fylkeskommunedirektøren skal lage kuttliste, må ikkje fv 60 stå på den lista.

Det er stor semje om at det trengst ny fv 60 mellom Hornindal og Stranda. Dessverre har det no spreidd seg uvisse om framdrifta av prosjektet.

Denne vegstrekninga er svært viktig for både innbyggjarar og næringsliv i Volda, Stranda og Sykkylven. Og i sommarhalvåret køyrer det busslast på busslast med turistar på denne vegen. Vi skal vere glade for at det ikkje har skjedd alvorlege ulykker, men vi kan ikkje halde fram med å lite på at det skal gå godt også i framtida.

Fv 60 har vore opp- og nedprioritert mange gonger, til stor skuffelse og frustrasjon for folket i dei berørte kommunane. Vegen er i elendig forfatning, og med det store antalet tunge køyretøy som dagleg trafikkerer denne strekninga, må ikkje arbeidet stoggast denne gongen.

Resolusjon frå årsmøte i Volda Venstre