Den 2. juni 1983 arrangerte Tonning skule o-løp i Tonningskamben, der heile 110 elevar stilte til start. Kanskje var dette det første o-løpet som var arrangert i Tonningskamben? Mange har det i alle fall blitt arrangert seinare. Markane IL har i fleire år arrangert nær-orienteringsløp og jamlege orienteringstreningar i det flotte skogområdet som Tonningskamben er. I tillegg ligg det turorienteringspostar i Kamben kvart år, som også er brukt av Tonning skule og Stryn vidaregåande skule. I år arrangerte Markane IL nær o-løp der 27. april. Vi hadde over 80 deltakarar, og ser at det er dette o-løpet som nær sagt kvart år har flest deltakarar med, og det i alle aldersgrupper. På ei trening der litt seinare på våren møtte det opp over 70 stk., og på natt o-løpet for ei vekes tid sidan rundt 40.

Det er ikkje rart at deltakinga er god. For kor ofte har folk i sentrum høve til å delta på orienteringsløp i eige nærområde? No blir det mest sannsynleg slutt på det sidan o-kartet som vart laga til skogsområdet ikkje lenger vil vere mogeleg å bruke. Skogen forsvinn og området blir endra for alltid. Turstiane som ligg der i dag skal ikkje lenger ligge der, men utbyggjarane er pålagde å lage til ein turveg i ytterkanten av området som erstatning. Denne har dei likevel ikkje detaljregulert i planen på grunn av ønskje om fleksibilitet. Så kva ein får her er endå uvisst. Den vil uansett ikkje erstatte effekten for psykisk og fysisk tilvære av å gå på ein gamal sti med skogsbotn.

Tonningskamben er eit unikt skogs- og turområde. Det er vel knappast noko turområde i Stryn kommune som er like mykje i bruk som dette. Skulane og barnehagane brukar det fleire gongar i veka. Eldre og yngre kan gå lett ut i skogen. Utbyggjarane peikar i sitt planframlegg på at dei legg til rette for barn sine interesser ved å etablere nærleikeplassar som vil «tilføre kvalitetar til området m.o.t. leik og rekreasjon». Det er vel og bra det, men det er vel ikkje leikeplassar som barn og unge i Stryn sentrum manglar mest? Dei manglar tilgang til skogsområde og naturområde som gjev ein heilt anna leik enn apparat på ein leikeplass gjev.

Naturen er ein av dei beste arenaer for å trene balanse og motorikk, utan behov for dyrt utstyr og organiserte opplegg. Det gjev ei nærleik til naturen som ungar i dag sårt treng. Naturen stressar oss ned, aukar kreativiteten, sjølvstendigheita og gjev auka meistring. Barn treng varierte naturområde å orientere seg i, dersom dei skal lære seg å finne fram i naturen.

Når Tonningskamben blir «jamna med jorda» forsvinn dette: Eit idrettsanlegg (kart er eit idrettsanlegg), eit vrimleområde (barnehage), eit klasserom (uteskule), ein gymsal, ein aktivitetspark og ein leikeplass.

Vi håpar politikarane no brukar styringsretten sin til å sørgje for justering av utbyggingsplanane slik at vi kan behalde mest mogeleg av skogen og dei gamle stiane. Bruk mogelegheita som er der til å påverke utnyttingsgrada, grøne lunger, stiar og tilkomst. Difor er det også viktig at etablering av skogsvegar og hogst ikkje skjer før endeleg plan for området er klart. Dette ligg framleis under mynde til kommunen, og ikkje utbyggjarane!

Anne Marie Svarstad, Henning Heimlid, Aslaug Thingnes Bø, Kristin Hatledal

orienteringsgruppa i Markane IL