Den pågåande straumpriskrisa herjar med både privatøkonomien til lågtlønte og fastlandsindustrien i Noreg. Dagens situasjon er heilt unødvendig. Det er på tide å finne tilbake til den klokskapen ein hadde då ein med innføringa av heimfallsretten i 1909 forstod kor viktig det var å gå vekk i frå ei grenselaus marknadsorientering når det gjaldt norsk vasskraft.

Gjennom tilknyttinga til EU sitt energibyrå ACER har EU-systemet fått mogelegheit til å påverke norsk kraftpolitikk. Noreg bør definitivt snarast mogleg ut av både ACER og EØS. Før dette skjer, er det viktig at Noreg seier nei til EUs energipakke 4, som vil svekke mogelegheita med kontroll over straumeksporten ytterlegare.

Det største problemet er likevel at vi har eit stortingsfleirtal som heilt på eiga hand vel å halde på den marknadsliberale politikken på dette området. Ap og Sp-regjeringa held i all hovudsak fast på det som òg var straumprispolitikken då Erna Solberg var statsminister.

Noreg er, i likskap med Storbritannia, heldigvis ikkje medlem av EU. I artikkelen «Dette gjør land i Europa for å skjerme innbyggerne fra energikrisen» i Teknisk Ukeblad kan ein lese at dei fleste hushaldningar i Storbritannia har makspris på straum. I den same artikkelen står det òg om land som faktisk er medlem av EU, men som likevel vel å sjå vekk i frå tidlegare EU-praksis. Frankrike har forplikta seg til å avgrense ei auke på regulerte straumkostnadar og i Spania har myndigheitene innført ein makspris på naturgass brukt til å generere straum ved fleire av landets kraftverk. Tidlegare LO-leiar Gerd-Liv Valla traff spikaren på hovudet då ho til Dagsavisen sa at «Dagens strømstøtte er et system der man tar inn veldig mye penger og levere litt ut (...)».

I Noreg har Storting og regjering gjennom Lov om pristiltak - §1 Fullmakt til prisregulering mogelegheit til å vedta makspris på kva for slags vare eller teneste som dei måtte ønske. I den same lova sin paragraf 2 står det at «Det er forbudt å ta, kreve eller avtale priser som er urimelige».

Raudt meiner at det hastar med å få kontroll på straumprisane. Raudt går inn for ein makspris på straum på 35 øre per kWt for både privatkundar og bedrifter. Det er vidare nødvendig å regulere krafteksporten via kablar til utlandet, for å halde straumprisane nede og unngå å importere dei noverande gjennomsnittlege europeiske straumprisane til Noreg. Det må dessutan stillast krav til fyllingsgrad for å sikre at forsyningstryggleik prioriterast før krafteksport. Det må innførast eit skilje på prissettinga av straum til hushaldningar og bedrifter i Noreg frå prisen som setjast på den internasjonale kraftbørsen. Vi treng rett og slett ein straumprispolitikk som byrjar å ta høgd for at Noreg er eit kaldt land som ligg i nord.

Anders Hamre Sveen

leiar av Raudt Stryn