Statens Vegvesen har no varsla at dei vil stoppe vidare arbeid med ny tunnel over Strynefjellet, og ikkje ha prosjektet med i neste Nasjonal Transportplan. Venstre var tydelege på at vi ynskte å prioritere ny tunnel over Strynefjellet etter gjeldande konseptval medan vi sat i Regjering.

Vi skal vere tydelege no og: Statens vegvesen må halde fram planleggingsarbeidet og førebu oppstart av bygging av ny Strynefjellstunnel, og tunnelen må inn i neste NTP. Rv 15 over Strynefjellet er ein viktig næringsveg for Søre Sunnmøre og Nordfjord.

Tunellane som ligg der i dag stettar på ingen måte krava i tunnelforskrifta. Vegen er altfor ofte stengt grunna ras eller rasfare. Dei materielle skadane på vogntog kostar transportnæringa millionar av kroner kvart år. Brannsjefar frå begge sider av tunellane advarer mot kva som kan skje om det bryt ut brann inne i tunellane. Det er ingen tvil om at det hastar med å få bygd ny tunnel! Vi garanterer at Venstre vil jobbe for å få dette til, og forventar at dagens regjeringsparti Ap og Sp er like tydelege. Tryggleik og distriktsutvikling kan ikkje bli skubba ut i evigheita.

Torstein Tvinnereim, ordførarkandidat Stryn Venstre

Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant Sogn og Fjordane (Næringskommiteen)

Andrè Skjelstad, stortingsrepresentant Transport og kommunikasjonskommiteen