I samband med kommunestyret si handsaming av investeringar i Vikane Barnehage i Utvik ser vi det som nødvendig å minne om tidlegare vedtak i Stryn kommune.

Det var i 2017 semje om at flytting av barnehagen frå Innvik til Utvik var ei midlertidig løysing i påvente av bygging av ny barnehage i Innvik.

Det har frå første dag, då dåværande rektor ved Vikane skule stod i bresjen for å flytte barnehagen frå Innvik til Utvik, vore jobba i Innvik for at politikarane i Stryn kommune skulle sjå kor bakstreversk denne løysinga er. Dette har vore prøvd gjort i kulissane slik at vi fortsatt kan samarbeide mellom bygdene.

Enkelte lokale politikarar argumenterer for barnehage i Utvik med at dette vil svekke skulen i Innvik og at denne delvis eller heilt blir lagd ned ved å gjenopprette barnehagen i Innvik. Er ikkje eit sterkt oppvekstsenter med samlokalisering av skule og barnehage det beste for borna, tilsette og Stryn kommune? Eller er det greitt for politikara frå Vikane at ein ofrar skulen i Innvik for barnehage i Utvik, noko alle tapar på til slutt?

I lesarinnlegg frå foreldre i Utvik i Fjordingen 18.03 blir det sett fram påstand om at det samla sett er flest born i Utvik/Tistam, kontra Innvik. Ifølgje faktisk barnetal er det flest born i Innvik, kontra Utvik/Tistam, 23-19, ref. Ssb. Ser ein tilbake i tid har det ikkje på noko årstrinn vore fleire born i Utvik/Tistam enn i Innvik. Dette gjenspeglast også i folketalet, Innvik 521 - Utvik/Tistam 309.

Det blir også poengtert at Vikane skule og barnehage ikkje lenger er eit oppvekstsenter då ein skal få eigen styrar i barnehagen. Det er sjølvsagt riktig at frå den dagen vi mista barnehagen i Innvik var det ikkje eit oppvekstsenter lengre, men det forandrar ikkje på det faktum at den beste løysinga for borna og dei tilsette i skule/barnehage er eit oppvekstsenter med gjenoppretting av barnehage i tilknytning til Innvik skule.

Det er klart fleire foreldre frå Vikane som køyrer born i barnehage som jobbar innom Hildaneset enn over Utvikfjellet. I Innvik er det ca. 200 arbeidsplassar med ca. 80 personar som pendlar til bygda. Om lag 60% av arbeidsplassane i Vikane ligg innanfor ein radius på 150 meter til ein ny barnehage i Innvik.

Den demografiske framskrivinga med kvinner i aldersgruppa 20–49 syner stor overvekt i antal i Innvik. I barnehagen i Olden er det 5 born frå Innvik.

Kva fleire argument treng politikarane for å gjere jobben som er mest framtidsretta ved å gjenopprette barnehagen i Innvik i nytt bygg tilknytta Innvik skule som oppvekstsenter?

Eyvind Reme, Barbro Hammer Moen, Harald Røyrvik, Aija Priedīte Alexander Presthus, Andrea Hopland, Andreas Bøe Røyrvik, Andreas Strand, Andreas Søndenå, Ane Skrede, Anette Hilde, Anita Bøe Røyrvik, Anita Ingeborg Tvendeseter, Anna Opdal Reme, Anne Grete Eikenes Hilde, Anne Jorunn Engesæt, Annelene Hopland, Arild Drageset, Arnt Bøe, Asle Nesdal, Audun Hammer, Benthe Årdal, Bjarte Olai Heggdal, Bjørn Aage Haugen, Britt Åse Reme, Christian Hopland, Eivind Skåden, Elisabeth Andreasson, Geir Osnes, Grete Finnebotten, Gunn-Bente Skåden, Gunnhild Kristin Skåden Soltveit, Gyda Bennæs, Gøran Yri, Halstein Presthus, Hogne Reme, Håkon Hammer Bergh, Håkon Westvik, Ida Skrede, Ida Sunde, Ignas Nikiforavicius, Inge Mortveit, Ingeborg Lundby Rinde, Ingelinn Tvendeseter, Irene Hilde, Jan Eirik Heggdal, John Bjørn Moen, Jon Inge Skåden, Jill Trude Dyrvang, Kari Osnes, Kim Kjellevold, Kjell Mortveit, Kristin Lyslo Søndenå, Kristina Årdal Solbu, Kurt Årdal, Laila Westvik, Lars Aage Hilde, Lene Drageset Hestnes, Linda Kristin Hopland, Linda Watten, Madeleine Reme, Magdalena Hilde, Mahmut Yücel, Mariann Hilde Yri, Marianne Drageset, Marie Presthus, Mariell Årdal Solbu, Marita Gjerde, Marius Sundsmoen Hoddevik, Merete Hammer Bergh, Mona Kleppe Skåden, Mona Presthus, Olav R Haugen, Olav Årdal, Ole Bertil Elvebakk, Peder Reme, Per Heggdal, Petter Arnt Løvdahl, Ronny Evebø, Ruben Garlid, Rune Tvendeseter, Sander Amble Haugen, Sander Amble Haugen, Signe Opdal, Sissel Hilde, Sofie Amalie Heggdal, Steinar Frøholm, Steinar Hilde, Styrkår Kvame, Synne Skrede, Synnøve Heggdal, Thea Drageset, Thomas Presthus, Tone Barnung, Torill Bennæs, Trude Presthus, Turid Skåden Aarreberg, Viktorija Nikiforavice, Wivian Sørensen